Tilbake til søket

Norad er Noreg sin fagetat for utviklingssamarbeid. Ved å kombinere fagkompetanse og god bistandspraksis, i samarbeid med dei fremste norske og internasjonale miljøa innan utviklingssamarbeid, arbeidar vi for bærekraftig utvikling i ei verd utan fattigdom. Vi bidreg til utforming av utviklingspolitikken på ein måte som gjer at bistandsmidlane blir brukte der dei gir best mogeleg resultat.
Våre 240 medarbeidarar gir faglege råd, forvaltar bistandsmidlar, bistår med kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, sørger for uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådde, frå våre lokaler sentralt i Oslo. Administrativt er vi underlagt Utanriksdepartementet. Når det gjeld oppfølging av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ rapporterar vi til Klima- og miljødepartementet. Vår ekspertise og våre råd skapar kunnskapsgrunnlag for vegvalga i norsk utviklingspolitikk.
Underdirektør ved Seksjon for klima, skog og grønn økonomi
Seksjon for klima, skog og grøn økonomi i Avdeling for klima, energi og miljø treng ny leiar. Seksjonen har ansvar for å koordinere arbeid innan tema knytt til REDD+, utviklingspolitikk og omlegging til lågutsleppsamfunn, biologisk mangfald og teneste knytt til økosystem.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og utvikle arbeidet i seksjonen
- Ansvar for fagleg kvalitetssikring i seksjonen
- Forvalte og disponere budsjett knytt til seksjonens tilskots- og driftsmiddlar i tråd med gjeldande lov- og regelverk
- Ansvar for tilsette i seksjonen og for at arbeidsmiljøet er i tråd med dei avtalar og regler som gjeld på feltet
- Det kan bli nødvendig med nokre reiser
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå
- Bistandsfagleg erfaring og/eller annan relevant internasjonal arbeidserfaring
- Forståing for forhold mellom avskoging og klima, og mellom klimapolitikk og utviklingspolitikk
- Erfaring frå offentleg forvaltning blir vektlagt, og særleg frå forvaltning av bistandsprogram
- Leiarerfaring er ein fordel
- Særs god skriftleg og munnleg evne til framstilling på norsk og engelsk. Kunnskap i fransk eller spansk tel positivt
Vi søker deg som:
- har vilje til å utøve leiing i samsvar med Norads sine verdiar
- er resultatorientert med stor arbeidskapasitet
- har gode samarbeidsever og evne til å motivere medarbeidarar
- er strategisk, analytisk og tek ansvar
- trivast med både fagleg og administrativt arbeid samt planlegging og gjennomføring av oppgåver
- er god til å formidle bodskap og representere Norad i interne og eksterne miljø, både nasjonalt og internasjonalt
- har evne til å byggje relasjonar
Vi tilbyr:
- ei sentral stilling med utfordrande oppgåver og ei stor kontaktflate innan organisasjonen
- eit engasjerande og stimulerande arbeidsmiljø
- leiarutvikling
- fast tilsetjing
Tilsetjinga er fast, og vert løna i stillingskode 1059 underdirektør, lønnstrinn 68-88 (kr 600 200 – 989 000). Innplassering skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring.
Norad er opptatt av mangfald med tanke på kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk og nasjonal bakgrunn, og vil oppmode alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Elektronisk kopi av vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Søknadsfrist: 2. april 2018.
Søk herFakta om stillingen
Firma
- Norad
Nettside
Sted
- Oslo
Kategori
- Kategori: Administrasjon / Kontor / Personal/Administrativ ledelse
- Kategori: Offentlige tj. / Forvaltning/Bistand
- Kategori: Jordbruk / Skogbruk / Jakt / Fiske/Dyrking/Gartnerier
- Kategori: Forskning / Utvikling/FoU naturvitenskap og teknikk
- Kategori: Interesseorganisasjoner/Internasjonale organisasjoner
- Kategori: Offentlige tj. / Forvaltning/Offentlige lederstillinger
- Kategori: Jordbruk / Skogbruk / Jakt / Fiske/Skogbruk
Søknadsfrist:
- 2. april 2018.