Populære kategorier
Administrativ ledelseHR ManagerFoU naturvitenskap og teknikkFoU samf.vitenskap og humanistiske fagBygg og anleggAnnetLege/TannlegePsykiatri- og psykologitjenesterSosialtjenesterSykepleie- og omsorgstjenesterAnnetBygg og anleggDataElektroKontrakt / InnkjøpProsjektlederSamferdselEiendomsforvaltningJuridiske tjenesterOrganisasjonsutviklingSikkerhet/BeredskapTeknisk konsulentvirksomhet / EngineeringJournalistikkKommunikasjonsrådgivningForsvarHelse/SosialKirke / Undervisning / ForskningOffentlige lederstillingerSikkerhet / BeredskapTekniske tjenesterAnnetAnnetLogistikk / LagerBarn & oppvekstGrunnskoleVideregående skoleInnkjøp/LogistikkRegnskap/ControllingØkonomi/FinansTilbake til søket

Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass.
Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen.
Leiar av forvaltningskontor/tildelingskontor og koordinerande eining – Helse og Mestring
Tysvær kommune står framfor store endringar og har fokus på evne til omstilling og nytenking for å kunne vidareutvikla robuste og trygge løysingar for innbyggarane også for framtida. I dette er forbetring, forenkling og fornying ein viktig strategi. Tildelingskontoret vil ha ein vesentleg funksjon i å kunne finna balanse mellom fordeling av ressursar og ivareta kvar enkelt sitt behov for nødvendig helsehjelp.
Tysvær kommune skal sørgja for at personar som oppheld seg i kommunen, blir tilbydd nødvendige helse og omsorgstenester. Tildelingskontoret mottar og behandlar søknader om helse- og omsorgstenester, mottar førespurnader, samordnar tenestene med utførareiningane som yt tenester, informerer, avklarar bistandsbehov og tek avgjerder om kva tenester som skal innvilgast. Tysvær kommune er i ein prosess med tanke på utforming av saksbehandling og vedtak. Det finst fleire modellar for god saksbehandling, vedtak og tildeling av tenester. Koordinerande eining og kreftkoordinator er i dag knytt til kontoret. Andre tenester kan også vera aktuelle å knyta til kontoret.
Den som vert tilsett må ha kompetanse innan leiing og interesse for å vera med å utvikla forvaltning og saksbehandling, ha gode samarbeidsevner og evne til dialog.
Tysvær kommune er i ferd med å utarbeida plan Helse og Mestring 2020-2040. Innovasjon og bærekraft er i fokus. Satsingsområda vert viktige styringsreiskap for leiarar innan Helse og Mestring. I samband med dette søkjer kommunen etter dagleg leiar ved tildelingskontoret.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåvene er:
* Dagleg leiing av kontoret, fagansvar, personalansvar, økonomiansvar
* Vera synleg og tilgjengeleg
* Ha oversikt over relevante tilbod og tenester i kommunen
* Syta for strategiar slik at den enkelte som mottar tenester kan nytta eigne ressursar i størst mogleg grad
* Strategiarbeid, planarbeid, fagutvikling, finna smarte løysingar saman med andre
* Bidra til at kommunen sine ressursar vert nytta best mogleg
* Saksbehandling
* Samhandla med søkar/tenestemottakar, pårørande, aktuelle tenester
* Samhandling på tvers av verksemda, kommunar, helseføretak og andre
* Samarbeida med andre aktørar, mellom anna frivillige organisasjonar
* Ansvar for å sikra koordinering av tenester, individuell plan, koordinator, oversikt, og opplæring
* Vera pådrivar og ansvarleg for utarbeiding av rutinar
* Delta i kommunalt og regionalt utviklingsarbeid
Krav til fagleg og personleg kompetanse
* Helse- og sosialfagleg utdanning, minimum på Bachelor-nivå
* Leiarutdanning og/ eller leiarerfaring kan bli vektlagt
* Fortrinnsvis kompetanse/erfaring frå saksbehandling innan helse og omsorg
* Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
* God lovforståing og kunnskap om offentleg forvaltning og saksbehandling
* God munnleg og skriftleg framstillingsevne
* Kunnskapar om digitale system, dataprogram og velferdsteknologi
* Evne til å delegera, inspirera for motivasjon, rettleia og vidareutvikla medarbeidarar
* Evne til å arbeida strukturert
* Kunne jobba sjølvstendig, vera fleksibel, ny-tenkande og løysingsfokusert, samt fungera godt i team
* Reflektert og god relasjonskompetanse
* Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Arbeidstid
Stillinga har arbeidstid på dagtid, 37,5 timar/veke.
Politiattest
Stillinga har krav om politiattest.
Vi tilbyr
Ei spanande og utviklande stilling der du kan vera med å vidareutvikla helse- og omsorgstenestene i Tysvær kommune. Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk
Søknad
Søkarar må bruka det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider: www.tysver.kommune.no
Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal berre takast med til eventuelt intervju. Desse vert ikkje returnerte.
Stillinga krev førarkort kl. B. Søkjar må disponera eigen bil.
Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader, må leggast fram ved tilsetting, jf. Helsepersonelloven § 20 a. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
Søknadsfrist: 8. november 2019.
Søk herFakta om stillingen
Firma
- Tysvær kommune
Nettside
Sted
- Aksdal
Kategori
- Kategori: Administrasjon / Kontor / Personal/Administrativ ledelse
- Kategori: Offentlige tj. / Forvaltning/Helse/Sosial
- Kategori: Helse / Omsorg/Lege/Tannlege
- Kategori: Offentlige tj. / Forvaltning/Offentlige lederstillinger
- Kategori: Helse / Omsorg/Psykiatri- og psykologitjenester
- Kategori: Helse / Omsorg/Sykepleie- og omsorgstjenester
Søknadsfrist:
- 8. november 2019.
Kontakt
Annbjørg Lunde
- TittelOmsorgssjef
- E-postAnnbjorg.Lunde@tysver.kommune.no
- Telefon982 86 868 / 52 75 86 68