Miljøvernavdelinga
Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Miljøvernavdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, og samordning av Statsforvaltaren sitt arbeid med regionale og kommunale planar etter plan-og bygningslova. Avdelinga har 30 tilsette.
Statsforvaltaren i Rogaland har ledig fast stilling som nestleiar/ assisterande fylkesmiljøvernsjef i miljøvernavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- nestleiaransvar i miljøvernavdelinga, noko som inneber medansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
- økonomi- og resultatansvar og ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring saman med fylkesmiljøvernsjefen
- bidra til god samordning internt i miljøvernavdelinga og mot andre avdelingar i embetet
- ha det overordna blikket på at nasjonal og regionalt viktige naturverdiar blir ivareteke i sakshandsaming av forureining, naturforvaltning og plansaker
- rettleie kommunane i Rogaland og publikum
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer ein dyktig leiar som
- har relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
- har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd
- har kompetanse innan eit eller fleire arbeidsområde innan miljøvern i første rekke med hovudvekt på naturforvaltning; til dømes innan terrestrisk og akvatisk økologi, botanikk eller zoologi
- er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
- uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer
Vi tilbyr
- lønn som assisterende direktør, kr 800 000 – 950 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
- dyktige kollegaer
- høve til å påverke miljøtilhøva i ein spennande og krevjande region
- god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.
Spørsmål om stillinga
Du får nærare opplysningar om stillinga av fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen, tlf. 51 56 89 36, mobil 922 49 043.
Om Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.
Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.