Category Archives: Skogbruk

Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar

Miljøvernavdelinga

Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Miljøvernavdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, og samordning av Statsforvaltaren sitt arbeid med regionale og kommunale planar etter plan-og bygningslova. Avdelinga har 30 tilsette.

Statsforvaltaren i Rogaland har ledig fast stilling som nestleiar/ assisterande fylkesmiljøvernsjef i miljøvernavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • nestleiaransvar i miljøvernavdelinga, noko som inneber medansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • økonomi- og resultatansvar og ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring saman med fylkesmiljøvernsjefen
  • bidra til god samordning internt i miljøvernavdelinga og mot andre avdelingar i embetet
  • ha det overordna blikket på at nasjonal og regionalt viktige naturverdiar blir ivareteke i sakshandsaming av forureining, naturforvaltning og plansaker
  • rettleie kommunane i Rogaland og publikum

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer ein dyktig leiar som

  • har relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd
  • har kompetanse innan eit eller fleire arbeidsområde innan miljøvern i første rekke med hovudvekt på naturforvaltning; til dømes innan terrestrisk og  akvatisk økologi, botanikk eller zoologi
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Vi tilbyr

  • lønn som assisterende direktør, kr 800 000 – 950 000 pr år,  avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke miljøtilhøva i ein spennande og krevjande region
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar om stillinga av fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen, tlf. 51 56 89 36, mobil 922 49 043.

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

1-2 konsulenter/partnere

insam as er et ledende konsulentselskap innen samfunnsinnovasjon og integrert by- og stedsutvikling. Vi sikrer ledelse og integrasjon i prosjekter innen mange områder. Vi arbeider med alle faser både med strategi- og innholdsutvikling, fysiske løsninger, organisering og finansiering. insam har kontorer i meget egnede lokaler i Drammens kunnskapspark Papirbredden. 

Vil du lede an i samfunnsinnovasjon og bærekraftig by- og stedsutvikling?

insam søker 1-2 konsulenter/partnere

Vi søker deg som har erfaring eller talent for å lede og koordinere prosjekter, prosesser og nettverk innenfor de felt som insam arbeider med. Vi ønsker oss personer som har bred samfunnsmessig innsikt og er engasjert i bærekraftig samfunnsutvikling. Vi legger stor vekt på at du er motivert for å arbeide med endrings- og omstillingsprosesser. Erfaring fra prosjekter med samspill mellom offentlig sektor og/eller næringsliv, sivilsamfunn, FoUI-aktører vil være en fordel.

Våre konsulenter arbeider innen et bredt spekter av områder som grønn mobilitet, klimaomstilling, byliv, kultur, vann og eiendomsutvikling. Du vil også få mulighet for å utvikle nye arbeidsfelt.

Ta kontakt med Lars Wang for mer informasjon, lars@insam.no/90523021.

Kortfattet søknad med relevante vedlegg sendes til solvi@insam.no innen 25.04.2019

Underdirektør ved Seksjon for klima, skog og grønn økonomi

Norad er Noreg sin fagetat for utviklingssamarbeid. Ved å kombinere fagkompetanse og god bistandspraksis, i samarbeid med dei fremste norske og internasjonale miljøa innan utviklingssamarbeid, arbeidar vi for bærekraftig utvikling i ei verd utan fattigdom. Vi bidreg til utforming av utviklingspolitikken på ein måte som gjer at bistandsmidlane blir brukte der dei gir best mogeleg resultat.

Våre 240 medarbeidarar gir faglege råd, forvaltar bistandsmidlar, bistår med kvalitetssikring av utviklingssamarbeidet, sørger for uavhengige evalueringar, og kommuniserer om utviklingssamarbeidet og resultata som blir oppnådde, frå våre lokaler sentralt i Oslo. Administrativt er vi underlagt Utanriksdepartementet. Når det gjeld oppfølging av regjeringa sitt klima- og skoginitiativ rapporterar vi til Klima- og miljødepartementet. Vår ekspertise og våre råd skapar kunnskapsgrunnlag for vegvalga i norsk utviklingspolitikk.

Underdirektør ved Seksjon for klima, skog og grønn økonomi

Seksjon for klima, skog og grøn økonomi i Avdeling for klima, energi og miljø treng ny leiar. Seksjonen har ansvar for å koordinere arbeid innan tema knytt til REDD+, utviklingspolitikk og omlegging til lågutsleppsamfunn, biologisk mangfald og teneste knytt til økosystem.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og utvikle arbeidet i seksjonen
  • Ansvar for fagleg kvalitetssikring i seksjonen
  • Forvalte og disponere budsjett knytt til seksjonens tilskots- og driftsmiddlar i tråd med gjeldande lov- og regelverk
  • Ansvar for tilsette i seksjonen og for at arbeidsmiljøet er i tråd med dei avtalar og regler som gjeld på feltet
  • Det kan bli nødvendig med nokre reiser

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • Bistandsfagleg erfaring og/eller annan relevant internasjonal arbeidserfaring
  • Forståing for forhold mellom avskoging og klima, og mellom klimapolitikk og utviklingspolitikk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning blir vektlagt, og særleg frå forvaltning av bistandsprogram
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Særs god skriftleg og munnleg evne til framstilling på norsk og engelsk. Kunnskap i fransk eller spansk tel positivt

Vi søker deg som:

  • har vilje til å utøve leiing i samsvar med Norads sine verdiar
  • er resultatorientert med stor arbeidskapasitet
  • har gode samarbeidsever og evne til å motivere medarbeidarar
  • er strategisk, analytisk og tek ansvar
  • trivast med både fagleg og administrativt arbeid samt planlegging og gjennomføring av oppgåver
  • er god til å formidle bodskap og representere Norad i interne og eksterne miljø, både nasjonalt og internasjonalt
  • har evne til å byggje relasjonar

Vi tilbyr:

  • ei sentral stilling med utfordrande oppgåver og ei stor kontaktflate innan organisasjonen
  • eit engasjerande og stimulerande arbeidsmiljø
  • leiarutvikling
  • fast tilsetjing

Tilsetjinga er fast, og vert løna i stillingskode 1059 underdirektør, lønnstrinn 68-88 (kr 600 200 – 989 000). Innplassering skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring.

Norad er opptatt av mangfald med tanke på kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk og nasjonal bakgrunn, og vil oppmode alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Elektronisk kopi av vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.