Kommunalsjef – plan, areal, miljø og teknisk drift
Det er ledig 100% stilling som kommunalsjef – plan,areal, miljø og teknisk drift. Søknadsfrist 15.september 2018.
Eidfjord kommune er inne i ei tid med stor aktivitet innafor teknisk område. Dette inkluderer mellom anna kommune- og reguleringsplanar, byggesak, kommunalteknisk drift, investeringsprosjekt, drift og vedlikehald.
I samband med at ein gjer ei omorganisering, har ein ledig 100% fast stilling som kommunalsjef for plan, areal, miljø og teknisk drift.
Kommunalsjefen inngår i rådmannen sitt leiarteam, og får ei sentral rolle i vidareutvikling av Eidfjord kommune som ein framtidsretta kommune, med fokus på gode tenestetilbod og ein kompetent organisasjon.
Fagområdet er i dag delt i to einingar, areal og miljø og kommunalteknisk drift, og desse skal samordnast under ein leiar. I nært samarbeid med dei tilsette skal du bygge struktur på ei ny eining, og sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet.
Kvalifikasjonar:
- Du bør ha utdanning frå universitet eller høgskulenivå, og relevant leiarerfaring frå privat og/eller offentleg verksemd.
- Vidare bør du ha kjennskap til kommunesektoren, og forståelse for politiske beslutningsprosessar.
- Erfaring med prosjektleiing er ein fordel.
Personlege eigenskapar:
- Me søkjer ein leiar med stor interesse for fagfeltet, og gode gjennomføringsevner.
- Leiareigenskapar og kommunikasjonsevner vil verta vektlagt.
- God økonomiforståelse og evne til å setja seg inn i fagleg kompliserte problemstillingar er ein fordel.
- Overblikk og evne til å handtera både strategiske og operative utfordringar vil vera ein styrke i stillinga.
Me tilbyr:
- Løn etter avtale
- Eit arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Hjelp til å skaffa husvære
Me gjer merksam på at søkjarar til stillinga kan verta offentleggjort, sjølv om søkjar har bode om å ikkje verta oppført. I så fall vil me ta kontakt på førehand.