Tag Archives: assisterande leiar

Assisterande leiar AiR-klinikk

Rehabiliteringssenteret AiR er ein unik, landsdekkande institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg 800 m.o.h i Rauland, i fagre omgjevnadar. AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet. Dette har vore hovudverksemda sidan starten i 1986.

Assisterande leiar AiR-klinikk

Vil du vera med i leiinga av ein unik og utviklingsorientert klinikk?

AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Klinikken er, saman med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as. Senteret er difor ein unik, nasjonal institusjon i spesialisthelsetenesta.

Stillinga som assisterande leiar av klinikken krev evne til langsiktig planlegging, handlekraft, gode evner til samhandling og til å handtere ein innhaldsrik kvardag.

Arbeidet inneber medansvar for dagleg styring og leiing i tett samarbeid med leiar for klinikken, eit særskilt ansvar for oppfylging av HR-saker, bemanning, rekruttering og andre oppgåver.

Det er ynskeleg med relevant leiarerfaring og gjerne helsefagleg bakgrunn. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

AiR tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, løn etter avtale, gode pensjons- og person forsikringsordningar og kan hjelpe til med å skaffe bustad.

For meir informasjon, ta kontakt med direktør Svein Kostveit, 480 37 560 eller leiar administrasjon Jon Hovda 35062800.

For meir info om AiR-klinikk: www.rehabilitering.no.