Tag Archives: avdelingsdirektør digital

Avdelingsdirektør HI Digital

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre,

Austevoll og Flødevigen. Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Vil du bidra til å skape ei berekraftig framtid med data frå hav og kyst? No kan du bli digital direktør ved Noregs verdsleiande marine forskingsinstitutt! 

Avdelingsdirektør HI Digital

Havforskingsinstituttet søkjer avdelingsdirektør for ei nyoppretta data-avdeling: HI Digital. Avdelingsdirektør vil delta i Havforskingsinstituttets leiargruppe. Avdelinga skal ha heilskapeleg ansvar for digitalisering og effektiv bruk av IKT ved instituttet. Under avdelinga vil det liggje tre seksjonar: IT, Norsk Marint Datasenter og ein nyoppretta seksjon for Digital utvikling.

Totalt vil data-avdelinga HI Digital bestå av rundt 60 personar etter ei planlagt oppbemanning. Avdelingsdirektøren vil leia arbeidet med å utvikle og bemanne den nye avdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver

Stillinga som avdelingsdirektør for HI Digital krev høg kompetanse innan digitalisering, med særleg vekt på IT-arkitektur og maskinlæring. I dette ligg handtering, lagring og strukturering av store datamengder frå ulike kjelder: fartøy, fjern- eller sjølvstyrte farkostar, modellar, laboratorier, feltstasjonar og akvakulturstasjonar for forsking. Avdelingsdirektøren skal vera ein pådriver for at instituttet sine dataleveransar skal foregå mest mogeleg saumlaust og automatisk, i godt samarbeid med vår IT-infrastruktur.

Kvalifikasjonar

Det er ein føresetnad for å lukkast i stillinga at leiar held seg fagleg oppdatert på avdelinga sine fagområde og utviklar eigen kompetanse. Det er imidlertid nokså åpent om den som tilsettes bør ha ingeniør- eller ha forskingsbakgrunn. Høgare utdanning og arbeidserfaring innan relevante fagområde er naudsynt.

Personlege egenskaper vil ha stor vekt. Gode leiareigenskapar er naudsynt. Den som blir tilsett må vera resultatorientert, ha gode samarbeidsevner og kunna motivera medarbeidarane. Arbeidsspråket er norsk, og det er krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at søkjaren også meistrar engelsk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.

Ytterlegare informasjon

Arbeidsstad er Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan verta pålagde ved behov.

Stillinga vert løna i stillingskode 1060 Avdelingsdirektør, frå brutto kr 800 000-1 000 000, ut frå kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vera aktuelt. Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hos direktør Sissel Rogne på tlf. 907 32 123. Sjå også nettsida vår www.hi.no.

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja stillinga. Havforskingsinstituttet har som mål å auka talet på kvinner i leiarstillingar, så kvinner vert spesielt oppfordra om å søkja.