Tag Archives: avdelingsdirektør innland skatteetaten

Avdelingsdirektør Innland – Bergen

I Skatteetaten får du jobbe saman med nokre av dei beste på ditt fagfelt, du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og du får moglegheit til å utvikle deg. I Skatteetaten jobbar alle mot eit felles mål, å sikre finansieringa av velferdsstaten. Skatteetaten består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar og 6 500 ansette.

Divisjon brukerdialog har ansvar for alle Skatteetaten sine publikumstenester, som skattemelding, skatteoppgjer og skattekort. Divisjonen skal vere ein pådrivar i etaten sitt arbeid med å digitalisere, effektivisere og forenkle tenester for brukarane, og utvikle etatens dialog med brukarane. Divisjonen har rundt 2000 årsverk og er etatens største eining.

Vi vil at Skatteetaten sin arbeidsstyrke i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønssammensetjing samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og nedsatt funksjonsevne. Vi oppfordrar spesielt personar med innvandrarbakgrunn og nedsatt funksjonsevne til å søkje. Som IA-bedrift vil vi leggje arbeidsforholda til rette.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknadskjema. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjerlista, men du vil bli varsla viss ønskje om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga.

Avdelingsdirektør Innland – Bergen

Vi søkjer etter deg som har pågangsmot, initiativ og godt humør. Har du i tillegg evna til å tenkje heilskapleg og strategisk, og er oppteken av samfunnsutviklinga og digitalisering – då kan du vere rett person til direktørstillinga vår.

Avdeling Innland har ansvar for produksjonen knytt til heile skatte- og avgiftsmanntalet, med unntak av skatt knytt til utland og storbedrift. Avdelinga har ansvar for å leggje til rette for og følgje opp eigenfastsetjing, og å setje i verk myndigheitsfastsetjingar. Ansvarsområdet omfattar også utvida kontrollar, saks- og klagehandsaming, fagleg styring og utvikling av regelverk innanfor fagområda til avdelinga.

Avdelinga består av seks seksjonar og du skal leie seks dyktige seksjonssjefar. Den nærmaste leiaren din er divisjonsdirektøren og du vil vere ein del av divisjonsleiinga. I leiargruppa vil du få mogelegheit til å bidra til å fornye og modernisere fagområda til avdelinga.

Frå 01.11.20 vil avdelinga få nye oppgåver i samband med at skatteoppkrevjarane blir overført til Skatteetaten. Det er oppretta ein ny seksjon som skal ha ansvar for arbeidsgjevarkontrollar som ikkje er definerte som a-krim eller prioriterte risikoar. Seksjonen vil også ha ansvar for informasjon til arbeidsgjevarar/oppgåveleverandørar.

I etaten vår får du jobbe saman med nokre av dei beste på fagfeltet ditt. Du får også samarbeide med kollegaer frå andre fagområde, og du får høve til å utvikle deg. Leiarane våre ønskjer å bruke tid på leiing og å utvikle seg som leiar. Skatteetaten sine verdiar er profesjonell, imøtekommande og nytenkjande. Vi ønskjer at du identifiserer deg med verdiane våre.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Som ein del av samfunnsansvaret vårt skal Skatteetaten førebyggje og kjempe imot koronaviruset. Vi følgjer derfor råda til dei nasjonale helsestyresmaktene ved gjennomføring av intervjua.

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikle ei framtidsretta avdeling
  • vere ein del av divisjonen si toppleiargruppe og aktivt bidra til strategisk utvikling
  • ta aktiv del i forretningsutvikling og modernisering av innlandsområdet
  • leie og organisere arbeidet i avdelinga i tråd med strategiane til Skatteetaten og Brukerdialog
  • gjennomføre vedtekne strategiar og handlingsplanar innan ansvarsområdet
  • byggje ein felles kultur i avdelinga
  • jobbe systematisk med bemanning, kompetansestyring og utvikling av oppgaveløsningen
  • byggje og vidareutvikle relasjonar til andre einingar i etaten og eksterne samarbeidspartnarar
  • vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetrings- og effektiviseringsarbeid
  • ha personalansvar for seks seksjonssjefar

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå, gjerne innanfor samfunnsvitskapelege, økonomiske og/eller juridiske fag. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjend
  • brei leiarerfaring med dokumenterbare resultat
  • erfaring frå ein stor og kompleks organisasjon, gjerne i offentleg forvaltning, som har vore gjennom større endringar
  • erfaring med å leie i endrings- og omstillingsprosessar
  • forståing for samfunnsutviklinga og behova til brukarane
  • god organisatorisk og forretningsmessig forståing
  • det er ein fordel med relevant kunnskap om ein eller fleire av fagområda til avdelinga

Personlege eigenskapar

  • du likar å sjå det store bildet og set deg raskt inn i nye problemstillingar
  • du er utviklingsorientert, tek initiativ og har stor gjennomføringsevne
  • du er opptatt av å oppnå resultat og levere arbeid av høg kvalitet
  • du er sjølvstendig og strukturert, og trivs i ein hektisk og variert arbeidskvardag
  • du samhandlar godt med andre og tenkjer at relasjonsbyggjing er viktig
  • du er nyskapande og løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
  • utfordrande oppgåver og eit godt og stort fagmiljø
  • kompetanseutvikling
  • fleksitid og betalt overtid, samt trening i arbeidstida
  • ein raus personalpolitikk
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar

Stillinga vert lønt som avdelingsdirektør (kode 1060) og frå kr 900 000 – 1 200 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn avtalast. Dei fyrste seks månadane vert rekna som prøvetid.