Tag Archives: avdelingsdirektør Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)

Avdelingsdirektør

Avdelingsdirektør – Norec

Er du ein dyktig og strategisk leiar med internasjonal erfaring?

Vår nye programdirektør skal gjennom arbeidet sitt bidra til at Norec er synleg som ei kunnskapsbasert, analytisk og tydeleg stemme i norsk utviklingsarbeid og som eit nasjonalt kompetansesenter for utvekslingssamarbeid.

Ansvar og oppgåver
Programdirektøren leiar avdelinga som har ansvar for tilskotsforvaltning, kursing og prosjektoppfølging av hele prosjektporteføljen. Norec si målgruppe er både store og små aktørar i frivillig, privat og offentleg sektor i Norge, og utvalde land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Porteføljen er variert, både innan tematikk og geografi.
Som programdirektør vil du ha overordna ansvar for å sikre optimal drift for dei tre seksjonane som utgjer avdelinga; kursseksjonen og dei to tilskotsseksjonane. Du vil ha personalansvar for seksjonsleiarane og koordinere heile avdelinga sine økonomiske rammer.
Programdirektøren vi søker skal vere ein aktiv bidragsytar i det strategiske arbeidet i toppleiinga, og ha ei nøkkelrolle når det gjeld implementering av dei overordna måla. Du skal vidare sikre gode samarbeidslinjer i eiga avdeling og på tvers i organisasjonen, i tillegg til samhandling med eksterne partar nasjonalt og internasjonalt.

Erfaring og kvalifikasjonar
Vi ser etter ein trygg og involverande leiar som har erfaring med leiing på overordna nivå. Som vår nye programdirektør er du strategisk og strukturert, og har solide gjennomføringsevner. Du må kunne dokumentere gode samarbeidsevner og dine bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
Aktuelle kandidatar må ha relevant høgare utdanning og kompetanse på økonomistyring. Det er også nødvendig at du har internasjonal erfaring, fortrinnsvis med utviklingsarbeid, og erfaring frå offentleg forvaltning. Vidare vil utvekslingskompetanse og kunnskapar om norsk utviklingspolitikk vere viktig for å lykkast i rolla.
Som programdirektør vil du ha eit stort nettverk som fordrar at du er ein dyktig relasjonsbyggar, og har svært gode formidlingsevner både på norsk og engelsk.
Norec stiller krav om personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurdering av søkarane.

Kvinner blir oppfordra til å søke.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke stillinga, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Vi tilbyr
Vi tilbyr utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein organisasjon med eit viktig  samfunnsoppdrag, i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte medarbeidarar.
Stillinga byr på gode moglegheiter til å påverke eige arbeid og utvikling innan fagfeltet.

Vi ser fram til å høyre frå deg

Kontakt Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 eller direktør i Norec Jan Olav Baarøy tlf. 916 24 313 for ytterlegare informasjon om stillinga.

Meld di interesse ved å laste opp CV og søknad på mercuriurval.no seinast 20.02.2022

All kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.

Om selskapet

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på det vakre Vestlandet. Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er ein del av det internasjonale nettverket vårt.