Statped er opplæringssektorens spesialpedagogiske tjeneste for kommuner og fylkeskommuner.
Vi bidrar til tilpasset og inkluderende opplæring for barn, unge og voksne med særskilte opplæringsbehov i samarbeid med pedagogisk-psykologisk tjeneste.
Les mer på www.statped.no
Avdelingsleiar i Statped vest
– noko for deg?
Ønskjer du å leie endrings- og utviklingsarbeid i eit kompetansemiljø innan utdanningssektoren, då er kanskje Statped vest staden for deg. Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i høyrselsavdelinga vår, og søkjer no etter ein ny leiar til avdelinga og leiarfellesskapet i regionen. I tillegg til å vere ein del av regiondirektøren si leiargruppe, vil du også vere ein del av eit leiarnettverk på tvers av dei fire regionane i Statped.
Du vil som avdelingsleiar bli leiar i eit kompetent fagleg miljø med mange dugande medarbeidarar. Medarbeidarane i avdelinga har arbeidsoppgåver knytt til audiofagleg rådgjeving og ulike former for kursverksemd for barn, unge og vakse i tilknyting til høyrselsfeltet. Organiseringa av tenestene i Statped kan bli endra.
Både i regionen og gjennom leiarnettverket vil du kunne initiere og ta del i spennande leiaroppgåver. Statped har sett arbeid med digitalisering høgt på dagsorden, og dette er eitt av områda som det er høve til å vere med å utvikle vidare.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar har ansvar for å ta del i strategisk utvikling av Statped vest som heilskap
- Avdelingsleiar er ansvarleg for å vidareutvikle høyrselsavdelinga slik at den best mogeleg bistår brukarar, grupper av brukarar, kommunar og fylkeskommunar i regionen. Avdelinga skal også bidra til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing.
- Den som vert tilsett skal bidra til vidareutvikling av Statped vest sitt tenestetilbod i dialog med kommunale oppdragsgjevarar og PP-tenesta
- Samhandle med andre norske og internasjonale fagmiljø på området
- Avdelingsleiar rapporterer til regiondirektør
- Den som vert tilsett må rekne med noko reiseverksemd
Personlege eigenskapar
- God til å kommunisere og samarbeide med andre
- Kreativ og fleksibel
- Sjølvstendig, analytisk og resultatorientert
- Utviklingsorientert og kvalitetsmedviten
- Beherske bruk av administrativ IKT verktøy
- Personleg eigna
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein person med:
- Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå. Det kan vere utdanning innan spesialpedagogiske fagområde, psykologi, pedagogikk, rådgjeving eller anna.
- Relevant leiarerfaring.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid kring oppvekstvilkår for barn og unge vil vere ein fordel
- Gode system- og forvaltningskunnskapar
- God kunnskap om norsk skule- og utdanningspolitikk
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Skriftleg framstilling på begge målformer
- God rolleforståing
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon som legg vekt på fagleg kvalitet i tenesteutøvinga og profesjonalitet i alle ledd
- Gode høve til å påverke utviklinga av Statped sitt tenestetilbod
- Gode kollegaar og ein organisasjon i utvikling
- Stillinga vert løna som avdelingsleiar (st.kode 1407) i ltr 70-76 (p.t kl. 631.700- 713.600 brutto pr. år) avhengig av relevant utdanning og erfaring.
- Fleksibel arbeidstidsordning
- IA-verksemd
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån
Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i
personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn og å rekruttere personar med
minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.
Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.