Tag Archives: Avdelingsleiar for poliklinikkane

Avdelingsleiar for poliklinikkane

Voss DPS NKS Bjørkeli er eit distriktspsykiatrisk senter for Voss lokalsjukehusområde (Voss, Kvam, Vaksdal, Granvin, Ulvik, Eidfjord), ca. 23 000 innbyggjarar over 18 år. Me har 1 poliklinikkavdeling med 3 seksjonar og ein døgnavdeling med 12 senger. Me har eige kjøkken, reinhald og vaktmeister.

Voss DPS er eigd av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS Hordaland) og har driftsavtale med Helse Vest RHF.

Avdelingsleiar for poliklinikkane

Våre poliklinikkar: ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, ein rehabiliteringspoliklinikk, og ein gruppepoliklinikk.

Me søkjer etter leiar for poliklinikkavdelinga vår. Som avdelingsleier får du medansvar for vidare utvikling av Voss DPS sitt polikliniske tilbod i tett dialog med direktør og leiargruppa. Til stillinga ligg ansvar for fag, personal, og drift av poliklinikkane. Som avdelingsleiar sit du i direktøren si leiargruppe.

OPPGÅVER

  • Syta for god kvalitet i tenestene
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette
  • Personalleiing og –oppfylging
  • Sikra riktig ressursbruk
  • Fylgja opp krav frå Helse Vest RHF

KOMPETANSEKRAV

  • Helsefagleg utdanning
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå poliklinikk
  • Ynskjeleg med leiarutdanning
  • Må meistra norsk skriftleg og munnleg

ME SØKJER

Ein motivert, engasjert og inkluderande leiar

ME TILBYR

Løn etter avtale, avhengig av kompetanse og erfaring

Tiltreding etter avtale

Søknad sendast per epost: post@bjorkeli.no