Tag Archives: avdelingsleiar

Avdelingsleiar – Avdeling for person- og sosialstatistikk

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.

SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.

Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Avdelingsleiar

Til å leie Avdeling for person- og sosialstatistikk søker SSB etter ein dynamisk og dyktig fagdirektør med brei kompetanse innanfor statistikk og analyse og god innsikt i relevante samfunnsspørsmål. Du vil rapportere til administrerande direktør, vere ein del av SSBs toppleiargruppe og leie ei avdeling på ca. 180 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger.

Hovudoppgåva til fagdirektøren er å leie avdelinga, utvikle ho og realisere SSBs mål og samfunnsoppdrag gjennom dei endringsprosessane som til kvar tid er nødvendig. Stillinga krev god og relevant fagkunnskap og forståing om viktige arbeidsprosessar innanfor statistikkproduksjonen.

Hovudområda til avdelinga er arbeidsmarknad og lønn, befolkning, helse og omsorg, inntekt og levekår, utdanning og kultur og dessutan utlån av mikrodata til forskarar. Det er ei prioritert oppgåve å utvikle statistikkporteføljen til avdelinga og legge til rette for utlån av mikrodata til forskarar.

Aktuelle kandidatar har høgare utdanning på hovudfags-/masternivå, god forståing for samfunnsspørsmål og SSB si rolle. Stillinga krev solid analyse- og/eller forskingskompetanse. Det er ein fordel med god kjennskap til statistisk metode, datainnsamlingsmetodar og internasjonale kvalitetskrav til statistikken. Som fagdirektør blir du ein viktig bidragsytar i SSBs leiargruppe, og vi forventar at du tar medansvar og bidrar konstruktivt i arbeidet med SSBs vidare utvikling.

Vi ser etter ein strukturert leiar som tenker heilskapleg og langsiktig, er tydeleg og opererer på strategisk nivå med stor gjennomføringsevne. Du er trygg i leiarrolla, bygger gode team og har evne til å motivere og engasjere kompetente medarbeidarar. Vi krev god evne til å samarbeide og kommunisere internt og eksternt. Å vere god både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Vi tilbyr

  • Lønn som fagdirektør (kode 1538), kr 900.000 eller høgare etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning frå Statens pensjonskasse
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo/Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode moglegheiter for eiga utvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og et hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/leggast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi bed søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.
  • Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
  • I SSB ønsker vi mangfald blant medarbeidarane våre. Vi oppfordrar difor blant anna personar med innvandrarbakgrunn til å søke.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne

Avdelingsleiar

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane har følgjande avdelingar; DHS-Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Norsk Reiselivsmuseum og Norsk Kvernsteinsenter med til saman 51 tilsette.

Sunnfjord Museum ligg i Movika i Førde kommune. Avdelingsleiar er fagleg og administrativ leiar med dagleg ansvar for personale og drift. Museet driv med kulturhistorisk forsking og formidling med utgangspunkt i samlingane, dokumentasjon og samlingsutvikling i samsvar med vedteken strategi og satsingsområde, og forvalting av samlingane inkludert dei antikvariske bygningane.

Er du erfaren kulturleiar?

Det vert no ledig stilling som:
  AVDELINGSLEIAR
ved Sunnfjord Museum

Vi søkjer ein strukturert og resultatorientert  person med god evne til å motivere og byggje nettverk både lokalt, regionalt og internasjonalt. Avdelingsleiar rapporterer til administrerande direktør.

Kompetanse og kvalifikasjonar
• Høgare utdanning og erfaring innan relevante fagområder
• God økonomiforståing og interesse for personalforvaltning
• Relevant praksis og dokumentert leiarerfaring frå kulturhistorisk museum
• Interesse for å utvikle museet i samspel med dei andre museumsavdelingane
• Gode data- og språkkunnskapar og førarkort

Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale. Merk at stillingsnemning og innhald kan bli endra på eit seinare tidspunkt.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tel. 414 46 439, museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle tel. 926 22 055 eller sjå www.misf.no.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til
Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
eller til stilling@misf.museum.no. Merk søknad «avdelingsleiar SUM»