Tag Archives: avdelingssjef Avdeling Sunnfjord og Sogn

Avdelingssjef avdeling Sunnfjord og Sogn

Mattilsynet skal bidra til trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringa av søknadene skal gjelde ved den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for å bli kalt inn til intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld. 

Avdelingssjef avdeling Sunnfjord og Sogn

Mattilsynet arbeider for eit samfunn kor maten er trygg og dyra har det godt. Vil du vere med oss å jobbe mot denne visjonen? Er du ein leiar som ser heilskapen og vert motivert av å utvikle engasjerte og kompetente medarbeidare, og som får energi av å legge til rette for kontinuerleg forbetring og har god organisasjonsforståing? Då kan dette vere stillinga for deg.

Avdeling Sunnfjord og Sogn har 27 tilsette, med kontorstadar i Førde og Sogndal. I tillegg har vi slakteritilsyn ved Nortura slakteri i Førde. Som avdelingssjef skal du leie arbeidet i avdelinga, vere ein del av leiargruppa i regionen og rapporterer til regiondirektøren. Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon som krev fleksibilitet og rask handtering av hendingar.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for å følgje opp dei tilsette og økonomien ved avdelinga.

Ha god oversikt over avdelinga sin portefølje og planlegge bemanninga i avdelinga.

Ansvar for tilsynsproduksjonen og for at avdelinga når dei måla som er sett.

Prioritere og følgje opp utviklingsarbeid for tilsyn og sakshandsaming,

Utvikle avdelinga for å møte nye utfordringar og bidra til framtidige endringar i organisasjonen.

Byggje gode relasjonar med nærings- og interesseorganisasjonar, andre offentlege myndigheiter og dei vi fører tilsyn med.

Aktiv og tydelig kommunikasjon internt og eksternt.

Du handterer saker som er i media saman med kommunikasjonsrådgjevar.

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne innan eitt av Mattilsynet sine ansvarsområde.

Du har erfaring med å leie medarbeidare med høg fagkompetanse, helst frå offentleg forvaltning.

Du kommuniserer svært godt på norsk, både nynorsk og bokmål, og er oppteken av å bruke eit klart språk.

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.

Du identifiserer deg med våre verdiar, åpen, raus, engasjert og reieleg.

Du har førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Du tenkjer langsiktig og har god samfunns- og rolleforståing.
Du har evne til å leie medarbeidare i utviklingsprosessar og er resultatorientert.
Du skaper retning, bygger gode relasjonar og lagånd i avdelinga gjennom tydelig leiing.

Du motiverar og utviklar andre, og legg til rette for kunnskapsdeling og samhandling.
Du forstår raskt komplekse spørsmål og gjer gode og rasjonelle vurderingar.

Vi tilbyr

Eit spanande og meiningsfylt arbeid for deg som vil vere med å arbeide for vårt viktige samfunnsoppdrag.

Arbeid innanfor eit fagfelt med stor offentleg interesse og engasjerte medarbeidare.

Du får vere med å utvikle leiargruppa i regionen i ei tid med spennande omstilling.

Løn som avdelingssjef, med startløn frå kr 750.000, avhengig av kvalifikasjonar og kompetanse.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

 

Slik søkjer du

Søknaden vert berre motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.

 Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Ver venleg å oppgje to referansar.

Mattilsynet er opptatt av mangfold og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV.