Tag Archives: beredskaps- og kommunalavdelingen

Avdelingsdirektør – Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 185 tilsette.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeider med ei rekkje oppgåver frå ulike departement og direktorat, til dømes saker etter plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, rettshjelpslova, ekteskapslova, lov om kommunal beredskapsplikt og verjemålslova.

Mykje av arbeidet i avdelinga er knytt til rettleiing, tilsyn og klagebehandling. Avdelinga arbeider både med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd.

Avdelingsdirektør – Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga – 2. gongs kunngjering

Avdelingsdirektøren

  • har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • har ansvar for budsjett, økonomi- og risikostyring i avdelinga
  • skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Fylkesmannen sine samla oppgåver
  • skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
  • kontakt mot media og vektleggje informasjon internt og eksternt

Kvalifikasjonar

Du må ha utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå, til dømes som jurist. Du må ha erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd. Vi ser gjerne at du har leiarrelaterte fag i utdanninga di. Det er ønskeleg med kompetanse innan eit eller fleire av avdelinga sine arbeidsområde. Du må meistre både nynorsk og bokmål. Du må kunne sikkerhetsklareres.

Eigenskapar

Som leiar av samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga må du ha evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du må prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Du må legge vekt på samarbeid og samordning.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale i stilling som avdelingsdirektør
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande og krevjande region

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.

Du får nærare opplysningar om stillinga av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, tlf. 51 56 88 99, mobil 930 63 651, eller assisterande fylkesmann Harald Thune, tlf. 51 56 88 10, mobil 905 04 510.