Tag Archives: byggesaksbehandler

Leiar for teknisk eining

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

Leiar for teknisk eining

Valle kommune tilbyr spennande leiarstilling. Stillinga vil vere sentral i utvikling av Valle kommune til ein framtidsretta kommune. Du vil bli ein del av rådmannen si leiargruppe og få ein nøkkelrolle i ein av dei største arbeidsplassane i Setesdal.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Stillinga opererer i spennet mellom drift og utvikling, styring og leiing. Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke utvikling av kvaliteten i tenestene og teknisk eining som organisasjon. Leiar er næraste overordna for tilsette i eininga og har personal-, økonomi-, kvalitets- og fagansvar.

  • Leie, koordinere og vidareutvikle fagområda veg, VA, bygg, eigedom, kommunal drift, kommunal planlegging og landbruk
  • Personalleiing og organisasjonsutvikling
  • Vidareutvikle og effektivisere kvalitetssystem og rutinar
  • Vidareutvikle digitalisering av tenestene
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet lokalt og regionalt
  • Rettleie og bistå andre einingar, næringsdrivande og innbyggjarar
  • Generell sakshandsaming av både administrative og politiske saker

Kvalifikasjoner

  • Relevant minimum 3-årig høgskuleutdanning, gjerne ingeniør eller arealplanlegger, med leiarkompetanse/-erfaring
  • Relevant erfaring og evne til kreativitet og nytenking
  • Kunnskap om relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova
  • God forståing av  arealforvaltning og planarbeid
  • Leiarerfaring frå privat og/eller offentleg sektor er ønskeleg
  • Erfaring med økonomistyring

Personlige egenskaper

  • Trygg, tydeleg og synleg leiar
  • Evne til å motivere, leie og utvikle medarbeidarar
  • Bygge tillit og har godt samspel med samarbeidspartnarar
  • Evne til å arbeide målretta, strategisk og heilskapleg
  • Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt

Teknisk eining har eit godt arbeidsmiljø, og mykje humor i ein kommune der det er ein positiv trend med mykje aktivitet.

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Stor variasjon i arbeidsoppgåvene og varierte arbeidsdagar
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter til eigen utforming av stillinga innan gjeldande rammer
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Ei triveleg bygd å bu i