Tag Archives: bykle og valle

Tenesteleiar for helsetenesta i Bykle og Valle

Ledig stilling som tenesteleiar for helsetenesta i Bykle og Valle

Vi søkjer ein utviklingsretta og resultatorientert Tenesteleiar

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommune. Tenesta består av fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Heilskapleg ansvar for helsetenesta og utvikling av denne
  • Strategisk ansvar, vurdere, initiere og gjennomføre naudsynte endringsprosessar
  • Driftsansvar, heilskapleg ansvar for økonomi og drift innafor fastsette rammer
  • Personalansvar for alle faggrupper og sikre eit godt arbeidsmiljø
  • Prosjektleiing
  • Samarbeide med andre kommunale einingar, spesialisthelsetenesta og  interkommunale samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule eller universitet innan fagfelta økonomi, leiing, administrasjon, minimum bachelor
  • Helsefagleg utdanning er ein fordel
  • Leiarerfaring, gjerne frå kommunal sektor
  • God norsk, skriftleg- og munnleg, framstillingsevne er ein forutsetning

 

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er fleksibel, som kommuniserer og samarbeider godt, og som er resultatorientert.
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad

 

Bemanningsxperten bistår oss i tilsettingsprosessen. Er dette interessant ber vi deg søkje stillinga HER. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Glenn Olsen dagleg leier i Bemanningsxperten tlf.: 90 27 98 99

I samsvar med Offentliglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dei det gjeld vil bli kontakta dersom offentleggjering blir aktuelt.

Informasjon
Populære steder
OsloLoppaBodøBardufossLørenskogKristiansand SSunndalsøraHusnes
Populære kategorier
Administrativ ledelseHR ManagerFoU naturvitenskap og teknikkFoU samf.vitenskap og humanistiske fagAnnetLege/TannlegePsykiatri- og psykologitjenesterSosialtjenesterSykepleie- og omsorgstjenesterOrganisasjonsutviklingJournalistikkKommunikasjonsrådgivningHelse/SosialKirke / Undervisning / ForskningOffentlige lederstillingerAnnetBarn & oppvekstGrunnskoleVideregående skoleInnkjøp/LogistikkRegnskap/ControllingØkonomi/Finans