Tag Archives: direktør Høgskulen i Volda

Studiedirektør

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskulen i Volda (HVO) søkjer ein utviklingsorientert og strategisk studiedirektør som skal samarbeide med leiinga om utviklinga av studiekvalitet og vidareutvikling av Høgskulen si studieportefølje.

Studiedirektøren rapporterer til høgskuledirektør, og inngår både i den administrative leiargruppa til direktør og den faglege leiargruppa til rektor ved Høgskulen.

Studiedirektør – st. nr. 21/2021

Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som studiedirektør frå 1.10.21.

Studiedirektør har ei strategisk rådgjevar- og pådrivarrolle både overfor leiinga ved Høgskulen og underliggande einingar.

Studiedirektør har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO, og skal syte for at Høgskulen stettar krav og forventningar frå sentrale myndigheiter og Høgskulen sitt styre når det gjeld studiekvalitet. Studiedirektør har ansvaret for å utvikle rammer for god kvalitet ved utdanningane, saman med dyktige medarbeidarar i studieadministrasjonen. Stillinga inneber å ha tett dialog med fagleg leiing både sentralt og i avdelingane, og saman finne løysingar til beste for Høgskulen.

Høgskulen skal dei komande åra implementere nye digitale løysingar på det studieadministrative området, og studiedirektør vil ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet.

Studieadministrasjonen har 23 medarbeidarar, og studiedirektør vil leie eit godt fagmiljø som har mange ulike arbeidsfelt. Til å støtte seg i arbeidet har studiedirektør ein nestleiar og koordinatorar med ansvar for å organisere arbeidsoppgåvene innafor ulike team.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar som er god til å byggje relasjonar, har gode kommunikasjonsevner og som stimulerer til samarbeid og teambygging.

Du må ha bakgrunn som leiar, og erfaring med administrativt arbeid og personalansvar. Det er ein fordel om du har erfaring frå endringsleiing.

Du må ha høgre utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for kravet til utdanning

Studiedirektør førebur saker som skal avgjerast av høgskuledirektør, rektor eller høgskulestyret. Du må difor ha gode analytiske evner, og vere god til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg på norsk- og engelsk. Administrasjonsspråket ved Høgskulen er norsk. Du må ha god kjennskap til digitale verktøy og arbeidsflytar, og evne til å setje deg inn i lover og reglar. Det er ein fordel med kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Du er engasjert, inspirerande, løysingsorientert, og du har evne til å bygge tillit og motivere dei rundt deg. Du er tydeleg, tek ansvar, og har stor gjennomføringsevne. Som studiedirektør må du trivast med tidvis stort arbeidspress, tidsfristar og høgt tempo, og du må vere sjølvgåande.

Arbeidsstad er i Volda.

Arbeidsoppgåver

Studiedirektør har eit bredt ansvarsområde, og deltek både i administrativ og fagleg utvikling. Det blir forventa at alle leiarar ved Høgskulen bidreg både på det strategiske og det operasjonelle plan.

  • Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
  • Leie og utvikle studieadministrasjonen og realisere overordna strategiske mål- og utviklingsarbeid.
  • Gi råd til øvste leiing ved Høgskulen og dekanane ved avdelingane i saker som vedkjem studiekvalitet og prinsippsaker, og bidra til vidareutvikling av studieporteføljen.
  • Ansvar for system for studiekvalitet.
  • Ansvar for studieadministrative saker, til dømes regelverk, eksamen, opptak, internasjonalisering, studie- og emneplanar.
  • Økonomi-, personal- og resultatansvar.
  • Utgreiing og sakshandsaming for høgskulestyret og Utdanningsutvalet ved Høgskulen.
  • Sikre effektiv ressursbruk med god kvalitet, og sørge for kontinuerleg forbetring av rutinar, prosessar og digitale løysingar.

Arbeidsoppgåver og ansvar kan bli endra.

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode muligheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kolleger
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgoder og fordelar, mellom anna muligheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som studiedirektør (stillingskode 1060 avdelingsdirektør) er plassert i lønnstrinn 77 – 84 (744.600 – 910.000 NOK per år). Det vert trekt 2% lovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, som inneber pensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no