Tag Archives: direktør Norsk filminstitutt

Direktør

Norsk filminstitutt ligg under Kulturdepartementet og er staten sitt forvaltningsorgan for filmpolitikk og rådgivar i filmpolitiske spørsmål. NFI gir tilskot til filmformidling, til norske

filmar, tv-seriar og dataspel, til samproduksjon med andre land og til produksjon av internasjonale film- og serieproduksjonar som legg heile eller delar av innspelinga til Noreg.

Direktør

Vi søker ny direktør til Norsk filminstitutt (NFI)

Direktøren for Norsk filminstitutt (NFI) nærmar seg pensjonsalderen, og vi søker derfor etter etterfølgaren hans.

NFI er ei statleg verksemd som ligg direkte under Kulturdepartementet, og direktøren er den øvste leiaren av verksemda. Direktøren rapporterer både til Kulturdepartementet og til eit eige styre.

Det er departementet som tilset ny direktør. Styret for Norsk filminstitutt ved styreleiar deltek òg i prosessen.

Som direktør må du vere ein person med kraft til å vidareføre det gode faglege arbeidet ved instituttet, vidareutvikle gode administrative system for verksemda, og ikkje minst bidra til å styrke rolla og posisjonen til NFI overfor fagmiljøet og samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver

  • leie verksemda administrativt, økonomisk og fagleg innanfor dei rammene og føringane Kulturdepartementet gir
  • utvikle verksemda og organisere arbeidet på ein effektiv og formålstenleg måte i takt med dei raske endringane på det audiovisuelle området
  • bidra til å rekruttere, behalde og utvikle engasjerte medarbeidarar som har den kompetansen som trengst for å løyse oppdraget til verksemda
  • gjennomføre og følge opp naudsynt omstilling og samarbeidstiltak internt
  • bygge gode relasjonar til bransjen utetter og vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten
  • fremme digitalisering og samarbeid i bransjen

Kvalifikasjonar

Utdanning og erfaring

Du må ha relevant utdanning på høgare nivå, og du må ha leiarerfaring. Solid relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Du må ha dokumenterte leiareigenskapar, som

  • evne til strategisk planlegging
  • digital kompetanse
  • evne til å gjennomføre og motivere for endringar og naudsynt omstilling
  • god rolle- og organisasjonsforståing
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å handtere medieeksponering
  • kunnskap om offentleg forvaltning og forståing for politiske prosessar
  • høg arbeidskapasitet

Det er òg ønskeleg at du har

  • kompetanse, interesse og engasjement for det audiovisuelle feltet
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • gode kunnskapar om samfunn og samfunnsutvikling
  • stor evne til å engasjere og motivere medarbeidarar

Personleg eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaring
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår

Stillinga er eit åremål på seks år. Perioden kan forlengast ein gong med ytterlegare seks år.

Lønnsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.

Offentleg søkarliste

Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.

Kontakt

Departementet får hjelp med rekrutteringsprosessen av firmaet Experis. Du kan ta uforpliktande kontakt med Wenche Rasch på mobil 995 95 013 eller Yvonne Cagnol Hveem på mobil 976 87 020.

Du kan òg ta kontakt med ekspedisjonssjef Christine Hamnen på mobil 976 66 299 eller styreleiar Marit Reutz på mobil 915 64 250.