Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane.
Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, som ligg på 382 moh.
Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000-meterstoppar ligg i Lom, og vi er omkransa av tre nasjonalparkar. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet i Lom, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.
Er du vår nye tenesteleiar for kommunal eigedom?
Er du ein trygg og uredd leiar som ynskjer å forvalte kommunen sine eigedomar? Lom kommune har ledig ein 100% fast stilling som tenesteleiar for kommunal eigedom. Som tenesteleiar får du ansvar for å sikre ei heilskapleg leiing, og for at tenesteområdet blir drive på ein effektiv og innovativ måte. Stillinga ligg under kommunalsjef for samfunnsutvikling og kultur og inngår i kommunalsjefen sin leiargruppe.
Ansvarsområde
- Forvaltning, drift, vedlikehald og reinhald av kommunale bygg samt forvaltning av kommunen sine grunneigedomar og festeeigedomar
- Ansvar for økonomistyring, risikostyring og internkontroll på tenesteområdet
- Personalansvar for driftspersonale
- Prosjektleiing for kommunale byggeprosjekt
- Utarbeide og følge opp saker til politisk behandling
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein person med gode leiareigenskapar
- Vi søkjer etter ein person med relevant teknisk utdanning fortrinnsvis på høgskulenivå
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal sektor
- Kunnskap om drift og utvikling av eigedom
- God IT-forståing
Vi søkjer deg som:
- har god kapasitet og gjennomføringskraft
- er oppteke av å myndiggjere medarbeidarane dine, og kan reflektere over eigen leiarstil
- har evna til nytenking og er nysgjerrig på nye løysingar og innovasjon
- trivst med ei synleg og aktiv rolle både internt og eksternt
- ynskjer å bidra til ei heilskapleg samfunnsutvikling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.