Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Einingsleiar i eining for helse – 100% fast
Vi har ledig 100% stilling som einingsleiar i einiga Helse. Eininga har ansvar for for legetenesta i Kvinnherad,dvs. legekontor og legevakt.
Det må påreknast noko deltaking i den daglege drifta.
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta i eininga, i tillegg kjem fagansvar, personalansvar, budsjett- og økonomiansvar. Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar og sektorleiar er næraste overordna.
Einingsleiar skal ha fokus på og arbeide ut frå at organisasjonen er ein heilskap der samarbeid på tvers er ein
føresetnad for å lukkast.
Fagleg utvikling og leiing med vekt på tenesteproduksjon og kvalitet vert sentralt for den som vert tilsett.
Einingsleiar har ansvar for oppfølging av kvar einskild tilsett og personalarbeid skal væra ei prioritert oppgåve. Motiverte
og engasjerte tilsette er viktig for organisasjonen, for brukarane av tenestene og for innbyggjarane.
Einingsleiar skal følgja opp rutinar og prosedyrar som gjeld innanfor eigen sektor og kommunen sentralt.
Sakshandsaming innan eininga sitt ansvarsområde og internkontroll /HMT vil og verta einingsleiar sitt ansvar. Kvar
sektor har eigne faglege fora for alle einingsleiarane.
Det kan skje endringar i arbeid- og ansvarsområdet, og det må påreknast å utføre arbeidsoppgåver som til ei kvar tid er
naudsynt for å imøtekoma organisasjonen og innbyggjarane sine behov.
VI søkjer deg som vil vere med å utvikle faget og tenestane våre vidare.
Kvalifikasjonar
– 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning eller relevant universitetsutdanning.
– leiarkompentanse/leiarerfaring vil vere ei føremon.
– god skrifleg og munnleg norsk framstillingevne.
– god brukarkompetanse innanfor IKT.
– førarkort for bil.
– relevant arbeidserfaring.
Personlege eigenskaper
– kunne arbeide i samsvar med kommunen sitt verdigrunnlag.
– ha evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
– bidra til utvikling av tenestene og i samsvar med organisasjonen sine målsettingar.
– meistre å ta avgjerder og gjennomføre desse i samsvar med organisasjonen sine målsettingar.
– ha god kommunikasjon- og samarbeidsevne også på tvers av tenestene.
– søkjar må kunne motivere og inspirere medarbeidarane til å jobbe mot felles mål.
– kunne utvikle gode relasjonar og stimulere til å skape eit godt arbeidsmiljø.
– vere løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr
Spanande og meiningsylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.