Tag Archives: Einingsleiar Miljø- og velferdstenester stryn

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Vi har ledig spennande stilling som – Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Er du ein engasjert og samlande leiar som ynskjer nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag? Ynskjer du å vere med å jobbe strategisk og konkret med utvikling av gode tenestetilbod? Brenn du for auka kvalitet, innovasjon og effektiv ressursutnytting i kommunal tenesteyting? Då må du søkje på einingsleiarstilling hos oss!

Stilling som einingsleir miljø- og velferdstenester er ledig frå 01.03.2021.

Eininga er organisert under helse- og sosialetaten og du vil ha kommunalsjef som næraste leiar. Du er ein del av helse og sosial si leiargruppa ilag med dei 3 andre einingsleiarane samt leiarane for barnevernteneste, flyktningteneste og NAV. Eininga har 4 avdelingar: avdeling psykisk helse og rus, arbeidssenter og 2 ulike avdelingar innanfor tenester til funksjonshemma, her under avlastningsbustad. Kvar avdeling har eigen avdelingsleiar.

Einingsleiar har kontorstad ved Stryn omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for:

  • Personal
  • Budsjett
  • Tenesteproduksjon i di eining, her under beredskapsarbeid og internkontroll.

Einingsleiar har ansvar for at tenestene er av god kvalitet og i henhald til gjeldane lover og reglar.

Einingsleiar er medlem av tildelingsnemnda der du er med å tildeler kommunale tenester. Du vil vere leiar for koordinerande eining i kommunen, og ha eit særskilt ansvar for heilskapleg og tverrfagleg tenesteyting. Vidare har einingsleiar ansvar for tenesteyting til barn og unge med behov for pleie- og omsorgstenester, samt rolle som fagleg ansvarleg i høve tvang etter HOL kap 9.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule og/eller universitetsnivå
  • Leiarutdanning
  • Leiarerfaring kan erstatte formell utdanning men då med krav om å ta leiarutdanning
  • Relevant erfaring frå drift av større organisasjonar/verksemder samt forståing og interesse for fagområdet
  • Kjennskap til kommunal drift og budsjettarbeid er ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg språkkunnskap

Personlege eigenskapar

  • God rolle-, system og organisasjonsforståing
  • Oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevante lover og forskrifter
  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid, samt rapporteringsarbeid
  • God forståing av systematisk plan- og forbetringsarbeid
  • Fokus på brukarmedverknad og involvering i tenesteytinga

 

Dine personlege føresetnadar tilseier at du kan:

  • Engasjere og motivere dei tilsette til å yte gode tenester med optimal kvalitet
  • Samarbeide på tvers av avdelingar og områder for utvikling av eit godt tenestetilbod
  • Ta initiativ og initiere faglig utvikling i eininga
  • Utvikle tenestene i tråd med nasjonale og lokale planar og strategiar
  • Tileigne deg nyttig erfarings- og forskningsbasert kunnskap og kunne vidareføre i eit heilskapleg utviklingsperspektiv
  • Leie eininga gjennom endringsprosessar

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning