Tag Archives: einingsleiar

Einingsleiar for eining barn, familie og helse

Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

Einingsleiar for eining barn, familie og helse, fast 100 % stilling – Giske kommune

Giske kommune er i sterk vekst og ansvarsområdet for einingsleiaren er omfattande og spennande. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert person til overordna, heilskapleg og strategisk leiing av tenesteområdet i samarbeid med rådmannsnivået. Vi ønskjer oss ein leiar som har fokus på heilskap og kvalitet og er god på samarbeid og dialog. Stillinga er ledig frå 01.04.2019.

I eining barn, familie og helse ligg barnevernstenesta, helsestasjon og skulehelseteneste, legetenesta, PP-teneste og logoped, fysio/ergo-teneste, psykisk helseteam for barn og unge med m.a. ei psykologstilling.

Eininga har om lag 37 årsverk og ei driftsramme på om lag 38 million.

Overordna målsetting er å kome tidleg inn og styrke det førebyggande og tverrfaglege samarbeidet. Vi har fokus på å gi gode tenester ved å jobbe i eit ressurs- og familieperspektiv med vekt på lågterskeltilbod og satsing på psykisk helseteneste til barn og unge.

Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om det og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver

  • Einingsleiar har det faglige, økonomiske og administrative ansvar for eininga og rapporterer til kommunalsjefen for helse og omsorg.

 

  • Einingsleiar har ansvar for partssamarbeid, fagutvikling og kvalitetssikring av eininga sitt arbeid, samt internkontroll og HMS-arbeid. Einingsleiar har eit eige leiarteam.

 

  • Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering som endrar arbeidsmåtar og organisering innan alle tenesteområde. Det er forventa at leiaren er ein pådrivar i dette arbeidet. Vidare er reelt samspel og tverrfagleg samarbeid i tillegg til kompetanseheving viktige satsingsområde i Giske og leiaren må vere interessert i og innstilt på dette.

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg utdanning frå universitet/ høgskule
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning i administrasjon og leiing. Søkjar som ikkje har slik vidareutdanning i dag, må vere villig til å ta leiarutdanning.
  • Relevant yrkespraksis og leiarerfaring
  • God kunnskap om leiing, økonomistyring og administrativt arbeid
  • Digital kompetanse
  • God kunnskap om relevant lovverk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Ha gode leiareigenskaper og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit
  • Ønskje om og evne til å påvirke.
  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
  • Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.

Einingsleiar ved Kviteseid omsorgssenter

Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark. Telemarksvassdraget (Telemarkskanalen) og Arendalsvassdraget set sitt preg på landskapet. Dei flotte fjella rundt og naturen elles inviterer til ulike friluftsaktivitetar sommar som vinter. Kommunen har eit variert næringsliv bygd på reiseliv, småindustri, landbruk, handel og offentleg tenesteyting. Kommunesenteret, Kviteseid ligg midt mellom turistbygdene Vrådal og Morgedal.

Einingsleiar

Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er følgjande stilling ledig:
Einingsleiar, ID 862, 100% fast stilling, ledig frå 01.01.2019.

KOS har 41 sjukeheimsplassar, der 6 er på skjerma avdeling.
Einingsleiar har kontorstad på KOS, og har ansvaret for i underkant av 33 årsverk.

Hovudarbeidsoppgåver i stillinga er:

  • Fag-, personal-, budsjett-, og økonomiansvar for eininga
  • Leie og motivere medarbeidarane
  • Medverke til god samhandling mellom einingane i PLO
  • Deltaking på leiarnivå i kommunen

Me søkjer ein autorisert sjukepleiar som har/er:

  • Leiarutdanning/leiarerfaring
  • Gode faglege kunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Fleksibel, god på refleksjon og er løysingsorientert
  • Tydeleg leiar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Løn etter avtale. Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad. Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Olav O. Kaasa på tlf. 350 68 130 eller 913 01 556.

Einingsleiar – Bu- og aktivitetstenesta

Sula kommune har om lag 9000 innbyggjarar og ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har eit rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.

Einingsleiar – Bu- og aktivitetstenesta

Bu- og aktivitetstenesta er den største eininga i kommunen med over 60 årsverk. Eininga er organisert under helse- og sosialsektoren med kommunalsjef for helse- og sosial som næraste leiar.
Eininga er organisert i 4 avdelingar, 3 avdeligar som yter heildøgns tenester til mennesker med ulik grad av funksjonshemming og eit dag/arbeidssenter for om lag 25 mennesker med funksjonshemming. Eininga samarbeider nært med øvrige einingar i kommunen.
(2. gangs utlysing)

Arbeidsoppgåver

  • Einingsleiar har heilskapleg ansvar for drift, personal og økonomi.
  • Samla leiing og utvikling av avdelinga i samarbeid med rådmannsnivået og leiargruppa i helse- og sosial
  • Leie og vidareutvikle det faglege tilbodet i samarbeid med avdelingsleiarane og tilsette i eininga.
  • Legge til rette for brukarmedverknad og optimal drift.
  • Bidra i prosess med å endre og vidareutvikle bustadstrukturen tenesta har til rådvelde der målsettinga er auka kvalitet og optimal drift.
  • Kommunen satsar på auka bruk av velferdsteknologi. Einingleiar må vere pådrivar for auka bruk i eininga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsudanning – fordel at miljøterapeutisk kompetanse inngår.
  • Tilleggsutdanning innan leiing og/eller økonomi er ønskeleg.
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå arbeid med mennesker med utviklingshemming

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og trygg som leiar
  • Kunne leie endrings- og utviklingsprosessar
  • Involvere og motivere tilsette
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ei spennande og krevjande leiarstilling for ei eining som er i utvikling.
  • Lønn etter avtale.
  • Heimekontorløysing om ønskeleg.