Tag Archives: enhetsleder barn familie og helse

Einingsleiar for eining barn, familie og helse

Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

Einingsleiar for eining barn, familie og helse, fast 100 % stilling – Giske kommune

Giske kommune er i sterk vekst og ansvarsområdet for einingsleiaren er omfattande og spennande. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert person til overordna, heilskapleg og strategisk leiing av tenesteområdet i samarbeid med rådmannsnivået. Vi ønskjer oss ein leiar som har fokus på heilskap og kvalitet og er god på samarbeid og dialog. Stillinga er ledig frå 01.04.2019.

I eining barn, familie og helse ligg barnevernstenesta, helsestasjon og skulehelseteneste, legetenesta, PP-teneste og logoped, fysio/ergo-teneste, psykisk helseteam for barn og unge med m.a. ei psykologstilling.

Eininga har om lag 37 årsverk og ei driftsramme på om lag 38 million.

Overordna målsetting er å kome tidleg inn og styrke det førebyggande og tverrfaglege samarbeidet. Vi har fokus på å gi gode tenester ved å jobbe i eit ressurs- og familieperspektiv med vekt på lågterskeltilbod og satsing på psykisk helseteneste til barn og unge.

Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om det og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver

  • Einingsleiar har det faglige, økonomiske og administrative ansvar for eininga og rapporterer til kommunalsjefen for helse og omsorg.

 

  • Einingsleiar har ansvar for partssamarbeid, fagutvikling og kvalitetssikring av eininga sitt arbeid, samt internkontroll og HMS-arbeid. Einingsleiar har eit eige leiarteam.

 

  • Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering som endrar arbeidsmåtar og organisering innan alle tenesteområde. Det er forventa at leiaren er ein pådrivar i dette arbeidet. Vidare er reelt samspel og tverrfagleg samarbeid i tillegg til kompetanseheving viktige satsingsområde i Giske og leiaren må vere interessert i og innstilt på dette.

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg utdanning frå universitet/ høgskule
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning i administrasjon og leiing. Søkjar som ikkje har slik vidareutdanning i dag, må vere villig til å ta leiarutdanning.
  • Relevant yrkespraksis og leiarerfaring
  • God kunnskap om leiing, økonomistyring og administrativt arbeid
  • Digital kompetanse
  • God kunnskap om relevant lovverk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Ha gode leiareigenskaper og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit
  • Ønskje om og evne til å påvirke.
  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
  • Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.