Tag Archives: finanstilsynet

HR-rådgivar

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 300 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum.

Ledig stilling som HR-rådgivar

HR-seksjonen i Finanstilsynet, som i dag har sju medarbeidarar, skal tilsette ein ny rådgivar/seniorrådgivar i ei nyoppretta stilling. Vi har ansvaret for heile spekteret av HR-relaterte oppgåver frå reine utviklingsoppgåver til driftsoppgåver. Vi søker ein person til å bidra i både strategiske HR-prosjekt og operative driftsoppgåver. Du vil arbeide tett med leiarar og medarbeidarar, og du vil ha ei viktig rolle i videreutviklinga og gjennomføringa av HR-aktivitetar i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver
I ein relativt liten HR-seksjon har alle ansvaret for eit bredt spekter av oppgåver. Vi er avhengige av at vi kan overlappe kvarandre på fleire felt, samtidig som vi er opptekne av at kvar medarbeidar skal ha eigne ansvarsområde. Rekruttering vil vere ei sentral oppgåve, og personen som vi tilset, vil jobbe tett med leiarar i tilsettingsprosessen. Du bør ha god erfaring med fleire delar av rekrutteringsfaget: jobbanalyse, annonseutforming, annonseval, bruk av rekrutteringssystem, kandidatkommunikasjon, søknadsbehandling, intervjuteknikk, variert seleksjonsmetodikk, case-utforming/vurdering og psykometrisk testing. Andre sentrale arbeidsfelt vil kunne vere innan systematisk kompetansearbeid, leiarutvikling, følge opp sjukefråver, analyse/rapportering, endringsprosessar eller generell støtte til leiarane.
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på masternivå med relevante fag. Svært relevant bakgrunn kan kompensere for manglande formelt utdanningsnivå.
  • Minst fem års erfaring med HR-arbeid, inkludert rekruttering av fagekspertar og høgt utdanna kandidatar.
  • Erfaring frå ei kunnskapsverksemd er ein fordel.
  • Kunnskap om relevante lover og regelverk er ønskeleg.
  • Erfaring med HR-system er ein fordel. Dette gjeld særleg rekrutteringssystem, men òg system knytte til kompetanseutvikling, oppfølging av medarbeidarar og personaldata.
  • Sertifisering og god erfaring med eitt eller fleire testverktøy er ønskeleg.
  • God forståing for verksemda til Finanstilsynet og evne til å tilpasse HR-seksjonen sine bidrag ut i frå dette.
Personlige eigenskapar
  • Du må kunne ta initiativ, både som pådrivar i enkeltsaker og ved å drive utviklingsprosjekt framover.
  • Du er sjølvstendig og ansvarleg.
  • Du er strukturert og systematisk.
  • Du er resultatorientert med god gjennomføringsevne.
  • Du er tillitvekkande og god til å kommunisere.

Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Fleksitid og betalt overtid.
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse.
  • Gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida.
  • Stillingstittel vil avhenge av erfaring og kvalifikasjonar.
  • Lønn og tiltreding etter avtale. 

Anna