Tag Archives: Førde

Analyserådgivar

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø.

Norec søker rågivar/seniorrådgivar innan analyse

Analyserådgivar

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette i organisasjonar, institusjonar og verksemder. Utvekslingane finn stad mellom partnarar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 615 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge.

I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

Les mer om NOREC på www.norec.no

Om stillingen

Analyserådgivaren er sentral i arbeidet med å verkeleggjere strategien vår. Du vert ein viktig medarbeidar i staben og vil jobbe tett med leiinga og fagrådgivarane. Analyserådgivaren skal ha hand om oppgåver knytt til kunnskapsproduksjon om utveksling som metode, og samle inn data til å framstille resultat av Norec sitt arbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • samle inn data, analysere informasjon og produsere relevant statistikk
  • følge opp Norec sin database for utvekslingsprosjekt
  • gjennomføre, analysere og rapportere på brukarundersøkingar
  • formidle og presentere data og resultat internt og eksternt, både munnleg og skriftleg
  • halde ved like og vidareutvikle Norec sin database for beredskap og prosjektinformasjon
  • gjennomføre opplæring i og legge til rette for registrering og uthenting av informasjon frå databasen
  • andre oppgåver kan komme til stillinga

Kvalifikasjonar

  • erfaring med statistikk og analysearbeid
  • skriftleg og munnleg formidlingskompetanse
  • relevant høgare utdanning innan database, IKT eller analyse
  • relevant erfaring med programmering og styringssystem
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. Vi legg vekt på å vere personleg eigna.

Vi kan tilby

  • ei spanande moglegheit til å vere med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • personleg og fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Generell informasjon

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som rådgivar/kode 1434 eller seniorrådgivar/kode 1364. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Arbeidsstad: Førde

Tiltreding: 01.01.2021 eller etter avtale

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Morten Rørvik, telefon 91 00 55 09

Seksjonsleiar verksemdstyring Anne Lise Bekjorden, telefon 99 28 43 45

HR-ansvarleg Christine Tellnes, telefon 92 80 83 48

Avdelingssjef avdeling Sunnfjord og Sogn

Mattilsynet skal bidra til trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringa av søknadene skal gjelde ved den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for å bli kalt inn til intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld. 

Avdelingssjef avdeling Sunnfjord og Sogn

Mattilsynet arbeider for eit samfunn kor maten er trygg og dyra har det godt. Vil du vere med oss å jobbe mot denne visjonen? Er du ein leiar som ser heilskapen og vert motivert av å utvikle engasjerte og kompetente medarbeidare, og som får energi av å legge til rette for kontinuerleg forbetring og har god organisasjonsforståing? Då kan dette vere stillinga for deg.

Avdeling Sunnfjord og Sogn har 27 tilsette, med kontorstadar i Førde og Sogndal. I tillegg har vi slakteritilsyn ved Nortura slakteri i Førde. Som avdelingssjef skal du leie arbeidet i avdelinga, vere ein del av leiargruppa i regionen og rapporterer til regiondirektøren. Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon som krev fleksibilitet og rask handtering av hendingar.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for å følgje opp dei tilsette og økonomien ved avdelinga.

Ha god oversikt over avdelinga sin portefølje og planlegge bemanninga i avdelinga.

Ansvar for tilsynsproduksjonen og for at avdelinga når dei måla som er sett.

Prioritere og følgje opp utviklingsarbeid for tilsyn og sakshandsaming,

Utvikle avdelinga for å møte nye utfordringar og bidra til framtidige endringar i organisasjonen.

Byggje gode relasjonar med nærings- og interesseorganisasjonar, andre offentlege myndigheiter og dei vi fører tilsyn med.

Aktiv og tydelig kommunikasjon internt og eksternt.

Du handterer saker som er i media saman med kommunikasjonsrådgjevar.

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne innan eitt av Mattilsynet sine ansvarsområde.

Du har erfaring med å leie medarbeidare med høg fagkompetanse, helst frå offentleg forvaltning.

Du kommuniserer svært godt på norsk, både nynorsk og bokmål, og er oppteken av å bruke eit klart språk.

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.

Du identifiserer deg med våre verdiar, åpen, raus, engasjert og reieleg.

Du har førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Du tenkjer langsiktig og har god samfunns- og rolleforståing.
Du har evne til å leie medarbeidare i utviklingsprosessar og er resultatorientert.
Du skaper retning, bygger gode relasjonar og lagånd i avdelinga gjennom tydelig leiing.

Du motiverar og utviklar andre, og legg til rette for kunnskapsdeling og samhandling.
Du forstår raskt komplekse spørsmål og gjer gode og rasjonelle vurderingar.

Vi tilbyr

Eit spanande og meiningsfylt arbeid for deg som vil vere med å arbeide for vårt viktige samfunnsoppdrag.

Arbeid innanfor eit fagfelt med stor offentleg interesse og engasjerte medarbeidare.

Du får vere med å utvikle leiargruppa i regionen i ei tid med spennande omstilling.

Løn som avdelingssjef, med startløn frå kr 750.000, avhengig av kvalifikasjonar og kompetanse.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

 

Slik søkjer du

Søknaden vert berre motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.

 Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Ver venleg å oppgje to referansar.

Mattilsynet er opptatt av mangfold og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV.