Tag Archives: fylkesmiljøvernsjef Rogaland

Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar

Miljøvernavdelinga

Assisterande fylkesmiljøvernsjef/nestleiar

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Miljøvernavdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, og samordning av Statsforvaltaren sitt arbeid med regionale og kommunale planar etter plan-og bygningslova. Avdelinga har 30 tilsette.

Statsforvaltaren i Rogaland har ledig fast stilling som nestleiar/ assisterande fylkesmiljøvernsjef i miljøvernavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • nestleiaransvar i miljøvernavdelinga, noko som inneber medansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • økonomi- og resultatansvar og ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring saman med fylkesmiljøvernsjefen
  • bidra til god samordning internt i miljøvernavdelinga og mot andre avdelingar i embetet
  • ha det overordna blikket på at nasjonal og regionalt viktige naturverdiar blir ivareteke i sakshandsaming av forureining, naturforvaltning og plansaker
  • rettleie kommunane i Rogaland og publikum

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer ein dyktig leiar som

  • har relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd
  • har kompetanse innan eit eller fleire arbeidsområde innan miljøvern i første rekke med hovudvekt på naturforvaltning; til dømes innan terrestrisk og  akvatisk økologi, botanikk eller zoologi
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Vi tilbyr

  • lønn som assisterende direktør, kr 800 000 – 950 000 pr år,  avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke miljøtilhøva i ein spennande og krevjande region
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar om stillinga av fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen, tlf. 51 56 89 36, mobil 922 49 043.

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

Fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Miljøvernavdelinga arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, og samordning av Statsforvaltaren sitt arbeid med regionale og kommunale planar etter plan-og bygningslova. Avdelinga har 30 tilsette er organisert i to seksjonar, naturseksjonen og forureiningsseksjonen.

Statsforvaltaren i Rogaland har ledig stilling som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsdirektøren

  • har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
  • har ansvar for budsjett, økonomi- og risikostyring i avdelinga
  • skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltaren sine samla oppgåver
  • skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
  • skal ha kontakt mot media og skal vektleggje informasjon internt og eksternt

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer ein dyktig leiar som

  • har relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Lang leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd. Vi ser gjerne at du har leiarrelaterte fag i utdanninga di. Det er ønskeleg med kompetanse innan eitt eller fleire av avdelinga sine arbeidsområde.
  • har gode analytiske og strategiske evner
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
    uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Du må kunne sikkerheitsklarerast.

Som leiar av miljøvernavdelinga må du ha evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du må prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Du må legge vekt på samarbeid og samordning.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale i stilling som avdelingsdirektør
  • dyktige kollegaer
  • høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande og krevjande region