Tag Archives: Helse- og omsorgsleiar Sogn og Fjordane

Helse- og omsorgsleiar

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Folketalet aukar og vi er no om lag 820 innbyggjarar. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nye omsorgsbustadar, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. I løpet av 2019 vil om lag 90% av innbyggjarane ha tilgang til breiband.

Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Helse- og omsorgsleiar

Vi søkjer etter ny helse- og omsorgsleiar i Solund kommune.

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har vi opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Stillinga har eit overordna ansvar for helse- og omsorgstenesta, og vert plassert i administrasjonssjefen si leiargruppe.

Helse- og omsorgsleiar har ansvar for institusjon/open omsorg, PU-tenesta, psykisk helseteneste og rus, legeteneste, helsestasjon, jordmorteneste, barnevern og fysioterapi/ergoterapi. Helse- og omsorgsleiar har også ansvar for kjøkken, vaskeri og reinhald. Ved Solundheimen, som har 20 plassar, er det dagavdeling, fysioterapi og ergoterapi, eige kjøkken og eige vaskeri. Open omsorg gjev omsorg på dag og kveld, det er ikkje nattilbod. Institusjonen og open omsorg er slått saman til ei eining der personalet jobbar i båe einingar.

Solund kommune driftar si eiga ØHD seng. Vi tar sikte på å få på plass eige psykolog i 100% stilling i løpet av 2019. Vi yter gode helse- og omsorgstenester, og har ingen venteliste på institusjonsplass eller andre tenester. Vi tildeler tenester etter behov.

Eininga har stort fokus på arbeidsmiljø, og har lågt sjukefråvær. Som tilsett i Solund kommune får du utfordrande arbeidsoppgåver som stiller krav til fagleg kompetanse, kreativitet og løysningsorientert fokus, og du får høve til tverrfagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver
• Overordna styring og leiing av eininga
• Heilskapleg ansvar for økonomi og budsjett
• Overordna personalansvar
• Ansvar for å leie og utvikle eininga sitt tenestetilbod, og arbeids- og fagmiljø
• Handsaming av saker for eige område til politiske organ

Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.

Kvalifikasjonar
• har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning
• leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
• god økonomi- og budsjettforståing
• kjennskap til offentleg forvaltning
• kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
• er løysingsorientert og har vilje til utvikling og samarbeid
• skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde
• har god arbeidskapasitet med evne til å prioritere og delegere
• er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling

Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr
• spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
• løn etter avtale
• god pensjonsordning i KLP
• tilsetjing i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
• godt arbeidsmiljø
• å vere hjelpsam med å skaffe bustad
• å vere hjelpsam med å formidle kontakt med mogeleg arbeidsgjevar for eventuell partnar

Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.

Ved tilsetjing vert det krevd politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Søkjarar som ønskjer unntak av offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknaden (off.lova § 25).