Tag Archives: helse og omsorgssjef Solund

2. gongs utlysing, helse- og omsorgsleiar

Solund kommune, eit lite øyrike ytst i Sognefjorden. Solund kommune har i underkant av 800 innbyggjarar. Her er ulike fritidsmogelegheiter, vi har god kommunikasjon til fastlandet, har fokus på at barn og unge skal ha eit godt miljø å vekse opp i og fleire utviklingsprosjekt er under planlegging som skal gjere Solund til ein enda betre stad å bu.

Følg linken og vert litt betre kjent med oss:

http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

2. gongs utlysing, helse- og omsorgsleiar

Vi søkjer etter ny helse- og omsorgsleiar i Solund kommune. Stillinga har eit overordna ansvar for helse- og omsorgstenesta, og vert plassert i administrasjonssjefens leiargruppe.

Helse- og omsorgsleiar har ansvar for institusjon/open omsorg, PU-tenesta, psykisk helseteneste og rus, legeteneste, helsestasjon, jordmorteneste, barnevern og fysioterapi/ergoterapi. Helse og omsorgsleiar har også ansvar for kjøkken, vaskeri og reinhald. Ved Solundheimen, som har 20 plassar, er det dagavdeling, fysioterapi og ergoterapi, eige kjøkken og eige vaskeri. Open omsorg gjev omsorg på dag og kveld, det er ikkje nattilbod. Institusjonen og open omsorg er slått saman til ei eining der personalet jobbar i båe einingar.

Frå 01.11. driftar Solund kommune si eiga ØHD-seng. Vi tar sikte på å få på plass eige psykolog i 100% stilling i løpet av 2019. Vi yter gode helse- og omsorgstenester, og har ingen venteliste på institusjonsplass eller andre tenester. Vi tildeler tenester etter behov.

Eininga har stort fokus på arbeidsmiljø, og har lavt sjukefråvær. Som tilsett i Solund kommune får du utfordrande arbeidsoppgåver som stiller krav til fagleg kompetanse, kreativitet og løysningsorientert fokus, og du får høve til tverrfagleg utvikling.

Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest og utfylt MRSA-skjema.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Søkjarar som ønskjer unntak av offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknaden (off.lova § 25).

Arbeidsoppgåver

  • Overordna styring og leiing av eininga
  • Heilhetleg ansvar for økonomi og budsjett
  • Overordna personalansvar
  • Ansvar for å leie og utvikle einingas tenestetilbod, og arbeids- og fagmiljø
  • Handsaming av saker for sitt område til politiske organ

Kvalifikasjonar

  • har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning
  • leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
  • god økonomi- og budsjettforståing
  • kjennskap til offentleg forvaltning
  • kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
  • er løysingsorientert og har vilje til utvikling og samarbeid
  • skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde
  • har stor arbeidskapasitet med evne til å prioritera og delegere
  • er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling

Utdanningsretning

  • Administrasjon og leiing
  • Medisin/Helse/Sosialfag

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning i KLP
  • tilsetjing i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
  • godt arbeidsmiljø
  • full barnehagedekning
  • å vere behjelpelig med bustad
  • å vere hjelpsam med å formidle kontakt med mogeleg arbeidsgjevar for eventuell partnar.

 

  • Solund kommune har ledige stillingar som psykolog, sjukepleiar og helsefagarbeidar. Les meir på www.solund.kommune.no.

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben