Tag Archives: hr sjef Valle

Leiar for HR og eininga Velkomstsenter

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

Leiar for HR og eininga Velkomstsenter

 Valle kommune tilbyr spennande leiarstilling. Stillinga vil vere sentrale i utvikling av Valle kommune til ein framtidsretta kommune. Du vil bli ein del av rådmannen si leiargruppe og få ein nøkkelrolle i ein av dei største arbeidsplassane i Setesdal.

Ansvar og arbeidsoppgaver

Leiar for HR og eininga Velkomst skal leie, fremme og utvikle HR- arbeidet i Valle kommune for å sikre god organisasjonskultur. Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke utvikling av kvalitet i tenestene og Valle kommune som organisasjon. Leiar er næraste overordna for tilsette i eininga Velkomst og har personal-, økonomi-, kvalitets- og fagansvar for eininga.

  • Leie, koordinere og vidareutvikle fellesfunksjonane HR, digitalisering, kommunikasjon og informasjon, politisk sekretariat, arkiv og turistinformasjon
  • Overordna kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Fagleg bistand i rekruttering, bemanning og personalsaker
  • Leie endrings- og utviklingsarbeid, medrekna digitalisering
  • Gjennomføring av personal- og lønnspolitikk i kommunen
  • Utarbeide, vedlikehalde og oppdatere HR-relaterte rutinar og reglement, samt ivareta prosesser knytt til IA-arbeid, arbeidsmiljø, etikk og HMS-arbeid
  • HR-leiar har ansvar for gode forhandlingsprosessar innan fagfeltet og sikre at prosesser med tillitsvalte skjer i h.h.t til gjeldande avtaleverk

Kvalifikasjoner

  • Krav til relevant høgare utdanning, ønsket på masternivå, minimum på bachelor nivå
  • Relevant erfaring og evne til kreativitet og nytenking
  • Kunnskap om lov- og avtaleverk innan fagfeltet – medrekna Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen
  • Forståing av partssamarbeid
  • Erfaring med prosesser innan effektivisering og endring
  • Erfaring frå offentleg verksemd er ønskjeleg

Personlige egenskaper

  • høg personleg- og fagleg integritet
  • god organisasjonsforståing
  • trygg i rollen, samlande, ha evne til å bygge relasjonar, utvikle og motivere medarbeidarane
  • jobbe sjølvstendig, være klar, tydeleg og strukturert i sitt arbeid
  • utviklingsorientert og ha evne til å jobbe strategisk og heilskapleg

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter til eigen utforming av stillinga innan gjeldande rammer
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Ei triveleg bygd å bu i