Tag Archives: intensivleder Molde

Seksjonsleiar intensiv

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere “På lag med deg for helsa di.” Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Seksjonsleiar intensiv

Intensiv Molde

Vi har ledig ei fast stilling som seksjonsleiar ved intensiv Molde. Tilsetting etter avtale med leiar.

Intensiv Molde er ein seksjon som har til oppgåve å behandle og overvåke kritisk sjuke pasientar i forbindelse med store operasjonar, ulykker og akutt sjukdom. Intensiv har pasientar med behov for kontinuerleg overvaking og behandling for å oppretthalde livsviktige funksjonar.

Seksjonen sine tilsette er i hovedsak intensivsjukepleiarar, men vi har også off. godkjente sjukepleiarar. Vi har eit stort fagleg fokus og er opptatt av brei tverrfagleg kompetanse innan fagområdet.
Som seksjonsleiar vil du ha ei viktig rolle inn mot SNR, og må ha gode samarbeidsevne både internt og eksternt. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef.

Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
  • Ansvar for seksjonen sine tjenester og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
  • Personalansvar
  • Byggje relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Medansvar for avdelinga sine tjenester og resultat
  • Fagansvar og fokus på fagutvikling
  • Vidareutvikling av seksjonen sine tjenester i tråd med overordna føringar
  • Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan intensiv og/eller leiing
  • Endringsmotivert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan intensiv og/eller leiing
  • Endringsmotivert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar

Personlege eigenskapar

  • Ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Evne og vilje til å utarbeide mål, og motivere sine tilsette
  • Oppnå resultat, evaluere og korrigere
  • Positiv og medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
  • Evne til å arbeide i ein hektisk kvardag, i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår