Tag Archives: Kaupanger

Økonomileiar

Nordbohus Sogn AS er ei verksemd som driv i hovudsak med bustadoppføring. Me er ein del av kjeda Nordbohus som har ca. 60 forhandlarar fordelt over heile Noreg. Me held til i eigne lokale på Kaupanger der me også har eigen elementfabrikk. Av andre forretningsområde, driv me òg med tomteutvikling, regulering og prosjektutvikling. Me er for tida 23 medarbeidarar. Me opplever stor vekst og har god ordrereserve.

Me søker økonomileiar

Som økonomileiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta og strategiske forretningsmessige utviklinga av selskapet. Du får ansvaret for økonomifunksjon, som omfattar økonomi, rekneskap og finans. Nordbohus Sogn AS består av fleire selskap med ei samla omsetning på ca. kr 130 mill (2017)

Stillinga rapporterer til dagleg leiar, og er ein del av hans leiargruppe saman med sal og produksjon. Me søker deg som kan vise til gode resultat som ansvarleg for ein økonomifunksjon. Du trivst med å motivera og utvikle dine medarbeidarar, og likar å spele dine kollegaer gode.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god økonomistyring og vere proaktiv ved å forutsjå økonomiske resultat
  • Vere med å velje rette slutningar i selskapa, ved å blant anna utarbeide slutningsunderlag, styrepapir og via deltaking i styremøter
  • Finansiell rapportering, inkludert årsrekneskap
  • Utarbeiding av budsjett, prognosar og styringsverktøy
  • Sikre internkontroll og prosessar for risiko- og likviditetsstyring
  • Optimalisere kontantstraum
  • Lønnsemdberekning, kalkylar og kontraktsoppfølgjing
  • KPI Rapportering og oppfølging av alle underliggande  selskap i gruppa (prosjektstyring)

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning, gjerne på mastergradnivå
  • Minimum3-5 års erfaring med ansvar for økonomifunksjon i kompleks verksemd, gjerne prosjektleiing
  • Solid forretningsmessig forståing er naudsynt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskaper

  • Du må like å jobbe tett på ulike prosjekt og dagleg drift
  • Tydleg formidlingsevne med stor gjennomføringskraft
  • Samarbeids- og utviklingsorientert
  • Engasjement og driv, gir retning og skaper resultat
  • Analytisk og strukturert

Me kan tilby moderne lokale på Kaupanger i Sogndal kommune- og eit triveleg arbeidsmiljø prega av høgt tempo og motiverte medarbeidarar. Konkurransedyktige vilkår.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Dag Loftesnes på tlf. 977 72 780 eller dag.loftesnes@nordbohus.no

Kortfatta søknad med CV kan sendast elektronisk eller til: Nordbohus Sogn AS, Postboks 25, 6849 Kaupanger.