Tag Archives: kinn kommune

Plansjef

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Plansjef

Kommunen har høge ambisjonar om å levere gode tenester og vere ein aktiv samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte medarbeidarar.

Det er no ledig fast heiltidsstilling som plansjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, samarbeid med innbyggarar og næringsliv og sakshandsaming er det sentrale. Tenesta har i dag over 20 tilsette innan arealplan, geodata, landbruk og byggesak.

Kommunen har mål om å vere ein kommune som tar eit bevisst samfunnsutviklingsansvar innanfor grøn omstilling, næringsutvikling og samferdsle med meir.

Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der kor  det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv og utøving av leiing.

Arbeidsoppgåver

  • Leie tenesta for arealplan, geodata, byggesak og landbruk (planavdelinga).
  • Sette dagsorden for den faglege utviklinga innanfor tenesta sine felt. Vi legg stor vekt på utvikling av digitale løysingar for dialog med innbyggarar og effektiv sakshandsaming.
  • Peike på utviklingstrekk, behov og moglegheiter for samarbeid og samspel mellom innbyggarar/næringsliv og kommunen.
  • Personalleiing.
  • Økonomistyring.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring.
  • Erfaring frå utviklingsarbeid.
  • Leiarerfaring.

Personlege eigenskapar

Du må

  • vere genuint opptatt av samfunnsutvikling
  • vere opptatt av og innstilt på å arbeide med omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar
  • vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla
  • som leiar legg til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom
  • vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer
  • ha evne og vilje til å tileigne deg, og dele ny kompetanse
  • trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling.
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.
  • Tilsetting på kommunale vilkår.
  • Medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP.
  • Godt kollegialt arbeidsmiljø med «låg dørterskel» mellom ulike avdelingar i kommunen.

Plansjef

Kinn kommune har i media blitt omtala som “Noregs raraste kommune”. Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.

Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om “tidenes kompetanseløft”. Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Tenesta for plan vil få ansvar for arealplanlegging, byggesak, geodata, landbruk og miljø og vil få ca. 20 årsverk. Dei tilsette i tenesta vil ha arbeidsstad i både Måløy og Florø.

Nye Kinn kommune søker etter:

Plansjef

  • Ein leiar som både skal syte for ei god forvaltning innanfor fagområdet og samtidig vere ein pådrivar for utvikling av kommunen. Mellom anna vil plansjefen få eit særskilt ansvar for fylgje opp intensjonsavtalen si målsetting; “prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging”.
  • Ansvar for gjennomføring av prosjekt innanfor fagområdet
  • Ansvar for  økonomisk og administrativ leiing av tenesta
  • Plansjef vil inngå i leiargruppa til tenesteområde for samfunn, kultur og miljø. Det blir forventa at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder.
  • Vere kommunen si “stemme” mot lokalsamfunnet innanfor ansvarsområdet
  • Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd

Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.

Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen
  • Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane
  • Evne skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar
  • God forståing for økonomistyring
  • Utgreiingserfaring, gjerne med erfaring frå produksjon av saker til politisk nivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utvikling- og resultatorientert
  • Analytisk og har gjennomføringsevne
  • Lagspelar med fagleg forståing innanfor ansvarsområdet
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon

Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.

Vi kan tilby:

  • Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
  • Valfri kontorstad; Måløy eller Florø.

Om du har spørsmål eller ønskjer å snakke om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Rolf Bjarne Sund, tlf. 917 10 500, e-post rolf.bjarne.sund@kinn.kommune.no.

«Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.»

Teknisk sjef

Vi søker etter teknisk sjef!

Kinn kommune har i media blitt omtala som “Noregs raraste kommune”. Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.

Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om “tidenes kompetanseløft”. Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Tenesta for tekniske tenester vil få over 30 årsverk, og dei tilsette i tenesta vil ha kontorstad/arbeidsstad i både Måløy og Florø.

Nye Kinn kommune søker etter:

Teknisk sjef, valfri kontorstad

  • Ein leiar som skal ta i vare og utvikle viktige funksjonar i lokalsamfunnet som vegar, vatn, avløp, grønstruktur m.m. Herunder syte for ei forsvarleg vakt og beredskapsordning for heile kommunen.
  • Ansvar for gjennomføring av prosjekt innanfor fagområdet
  • Ansvar for  økonomisk og administrativ leiing av tenesta
  • Teknisk sjef vil inngå i leiargruppa til tenesteområde for samfunn, kultur og miljø. Det blir forventa at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder.
  • Vere kommunen si “stemme” mot lokalsamfunnet innanfor ansvarsområdet
  • Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd

Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.

Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen
  • Relevant erfaring
  • Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane
  • Evne skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar
  • God forståing for økonomistyring
  • Utgreiingserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utvikling- og resultatorientert
  • Analytisk og har gjennomføringsevne
  • Lagspelar med fagleg forståing innanfor ansvarsområdet
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon

Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.

Vi kan tilby:

  • Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar

«Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.»

Informasjon
Populære steder
Ålesund
Populære kategorier
Administrativ ledelseSosialtjenesterHelse/SosialOffentlige lederstillinger