Tag Archives: kommunalsjef herøy

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre.  Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda  utgjer vi 50.000 innbyggjarar.  Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular.  Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske.  Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle.  Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Vi ser etter ein engasjert, erfaren og strategisk leiar som kan komplettere og spele ei sentral rolle i kommunen si toppleiing. Kommunalsjef for samfunnsutvikling rapporterer til kommunedirektøren. Sektoren har per i dag fem avdelingar og ein prosjektleiar som rapporterer til kommunalsjef. Kommunen står overfor mange spanande prosjekt med nye industriområde, utbygging av kaianlegg og nye kommunale bygg. Ny brannstasjon står innflyttingsklar i april. Organisasjonen er under endring og det vert jobba med å utvikle ein struktur som er best mogleg tilpassa tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle sektor for samfunnsutvikling
  • Vere med å utvikle Herøy kommune i tråd med måla for berekraft
  • Sikre innbyggjarane medverknad og følgje opp politiske vedtak
  • Samskaping med næringslivet om utvikling av kommunen
  • Medverke til strategisk utvikling og leiing av kommunen
  • Utvikle eiga leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • God kunnskap om kommunal verksemd
  • Erfaring med samfunnsutvikling, kommuneplanarbeid og gjerne prosjektleiing
  • Ønskeleg med erfaring frå leiing på høgare nivå i kommunal sektor
  • Ønskeleg med erfaring med endrings- og utviklingsprosessar
  • Dyktig i samspelet mellom politikk og administrasjon
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål

Personlege eigenskapar

  • Strategisk, analytisk, kreativ og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt –  også under press
  • Tenke heilskapleg og ha god gjennomføringsevne
  • God på å skape tillit, relasjonar og samarbeider godt med andre
  • God til å engasjere og inspirere
  • Positiv og godt humør

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP

Tilsetting etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkjarliste kan verte offentleggjort.

Tilsetting etter nærmare avtale.