Tag Archives: kommunalsjef høyanger

Kommunalsjef helse og omsorg

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4100 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Kommunalsjef helse og omsorg

Vi har ledig spennande leiarstilling som Kommunalsjef helse og omsorg, som vil ha overordna ansvar for tenesteområdet i kommunen. Tenesteområde helse og omsorg har einingar for heimebaserte tenester, fysikalsk rehabilitering, barnevernsteneste, legeteneste, helsestasjon og to sjukeheimar. Totalt er det i tenesteområdet ca. 200 tilsette. NAV er også organisatorisk plassert i tenesteområdet. Stillinga inngår i leiargruppa i kommunen og rapporterer til Kommunedirektør.

Høyanger kommune, tenesteområde helse og omsorg står midt i ein omstilling og står overfor mange spennande moglegheiter for å kunna vidareutvikla tenesteområdet.  Kommunen er godt rusta for framtida, men treng deg som har forståing og interesse for leiarskap og helsefaglege utfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at kommunen tilbyr gode helse- og omsorgstenester til kommunens innbyggjarar.
  • Vere ein pådrivar for samarbeid og god kommunikasjon på tvers av leiarar innan tenesteområdet, samt økonomisk ansvar innan dei rammer som vert tildelt.
  • Bygge sterk kultur som er i tråd med dei strategiske målsetningane for tenesta.
  • Etablere felles forståing blant leiarar å skape langsiktig retning for tenesteområdet.
  • Samarbeide på tvers av øvrig leiing i kommunen, i tillegg til stabs- og faglege funksjonar.

Kvalifikasjonar

  • Solid erfaring og kompetanse innan leiarskap, helst frå offentleg verksemd eller tilsvarande.
  • Interesse og engasjement rundt helsefaglege utfordringar er naudsynt.
  • Erfaring frå helsefagleg verksemd er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • God økonomiforståing.
  • Relevant høgare utdanning til dømes innan økonomi eller helse.
  • Du har gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.
  • Førerkort klasse B

 Eigenskapar

  • Gode relasjonelle eigenskapar og ein inkluderande leiarstil
  • Handlekraft med evne til å gjennomføre det som er planlagt på ein god måte
  • God leiareigenskap
  • Proaktiv, initiativrik og utviklingsorientert.

Vi kan tilby

  • Ein spennande leiarstilling med stor kompleksitet i oppgåvene og store moglegheitar for den rette kandidaten.
  • Godt innarbeidde tenester med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
  • God og konkurransedyktig løn.
  • Offentleg pensjonsordning.

Ved spørsmål, kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Erlend Låstad tlf 414 44 344 eller Per Jorem tlf 400 21 560. Alternativt kan du og kontakte Kommunedirektør Kjellaug Brekkhus tlf 952 57 725 eller Personalsjef Arnvid Hovland tlf 992 06 457

Handvendingar til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

Søknadar utenfor denne lenken vil ikkje bli vurdert.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Kommunalsjef helse og omsorg (2.gangs utlysning)

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4100 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Kommunalsjef helse og omsorg (2.gangs utlysning)

 

Tenesteområde helse og omsorg har einingar for heimebaserte tenester, fysikalsk og (re)habilitering, barnevernsteneste, legeteneste, helsestasjon og to sjukeheimar. Totalt er det i tenesteområdet omlag 200 tilsette. NAV er også organisatorisk plassert i tenesteområde. Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe og rapporterer direkte til rådmannen.

Vi har ledig spennande leiarstilling som kommunalsjef helse- og omsorg frå januar 2021.

 Hovudoppgåver:

  • planlegging og organisering av drifta av tenesteområdet
  • koordinering av aktivitetar på tvers av einingane
  • utvikling av tilsette, organisasjon, fag og arbeidsmiljø
  • økonomisk og administrativ leiing innan dei rammer som er tildelt

 Vi ynskjer søkjarar som:

  • har helsefagleg utdanning med brei erfaring innan leiing, eller høgare utdanning innan økonomi og administrasjon gjerne med helsefagleg utdanning i tillegg.
  • har røynsle som leiar innan offentleg og/eller privat verksemd
  • utøver tydeleg leiarskap
  • har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
  • har førarkort kl B

 Eigenskapar

  • Stillinga krev heilskapleg orientering, styringskraft, rolleforståing og evne til å finne handlingsrom innanfor gjeldande rammer
  • Gode leiareigenskapar

 Vi kan tilby:

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver  
  • konkurransedyktig lønn
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • hjelp til å skaffe kommunal bustad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar