Tag Archives: kommunalsjef Sogndal

Kommunalsjef organisasjon og digitalisering

Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med brukarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Kommunalsjef organisasjon og digitalisering

Sogndal kommune vil fornye, forenkle og forbetre organisasjonen og tenestene våre, mellom anna gjennom å ta i bruk framtidsretta teknologiske løysingar, smidig utvikling og innovative anskaffingar. Vi søkjer no etter kommunalsjef for område organisasjon- og digitalisering.

Kommunalsjefen skal
• styre og leie tenesteområdet.
• ha overordna ansvar for tenesteutvikling innan organisasjon og digitalisering
• sikre strategisk teknologiutvikling og digitalisering i heile organisasjonen.
• samordne, følgje opp og drive fram faglege og organisatoriske utviklingsprosjekt.
• initiera og vera pådrivar for samordning og samhandling på tvers av teneste- og forvaltningsnivå.
• etablere eksternt samarbeid med private og offentleg aktørar på relevante område, ein sentral regional utviklingsaktør.
• inngå i rådmannen si strategiske leiargruppe.
• utvikle arenaer og rutinar for god informasjonsflyt i ein open og transparent kommune, samt sikre god kommunikasjon internt og eksternt med alle kommunen sine målgrupper og interessentar.

Sentrale ansvarsområde:
I dag er tenesteområdet organisert i fire avdelingar. og har totalt 31 tilsette. Fagområda med avdelingsledarar er IKT, dokumentsenter, innbyggjartorg samt personal- og løn. KommunaIsjefen vil få det overordna drifts- og utviklings ansvaret for desse. I tillegg har kommunalsjefen pr. d.d. fire spesialrådgjevarar rett under seg; (juridisk rådgjevar, kommunikasjons rådgjevar, politisk sekretær og kvalitetsrådgjevar). Kommunalsjefen vil også ha eit særskild ansvar for innovasjon, digitalisering og organisasjonsutvikling i heile organisasjonen, samt overordna internkontroll saman med rådmannen.

Formelle kvalifikasjonskrav:
• Relevant høgare utdanning på masternivå er ønskjeleg. Kravet kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå fagområde innan ansvarsområda organisasjon og digitalisering, men søkjarar må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning.

Du må ha:
• God kunnskap og interesse for ansvarsområda lagt til stillinga.
• Interesse for og erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid
• Erfaring som kulturbyggar, endringsleiar og prosjektdrivar
• Evne til å kommunisera godt skriftleg og munnleg

Det er også fint om du har:
• Erfaring med og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring.
• Erfaring med å få til samhandling og samarbeid i praksis
• Erfaring frå prosjekt med fokus på brukarretting og digitalisering

Vi ynskjer deg som:
• er ein tydeleg leiar, god til å formidle, forankre og få folk med på laget
• har analytiske evner, innbyr til tillit og er ein god sparringpartner
• er eit førebilete i haldningar og kulturbygging
• er utviklingsorientert og nysgjerrig
• har rolleforståing for kva det betyr å arbeida i ein politisk styrt organisasjon

Me tilbyr:
• Eit inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande og utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
• Fast stilling som kommunalsjef, lønnsspenn kr. 850.000 til kr. 890.000. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar