Tag Archives: kommunalsjef teknisk

Kommunalsjef teknikk og miljø

Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Ullensvang kommune har ledig stilling som kommunalsjef teknikk og miljø

Ullensvang kommune har ledig ein interessant og utfordrande stilling som kommunalsjef teknikk og miljø. Oppstart snarast etter 1.juni 2022.

Kommunalsjef teknikk og miljø er del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar. Kommunalsjef har vidare sektoransvar for teknikk og miljø.

Kommunalsjef skal legga tilrette for god økonomistyring, tenesteleveransar og leiing av sektoren.

Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, har god evne til å ta initiativ og til å gjennomføra omstillings- og utviklingsarbeid i innan sektoren
Administrasjonsspråk er nynorsk.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Strategisk planlegging og rettleiing for kommunen si administrative og politiske leiing.
  • Budsjett og økonomiplanlegging i sektoren
  • Personal-, økonomi og resultatansvar for sektoren
  • Prosjektoppfylging av investeringsprosjekt
  • Drift, samordning og utvikling av sektoren

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på masternivå innan tekniske fag.
  • Leiarerfaring.
  • Ynskeleg med erfaring frå kommunal sektor, men ikkje absolutt krav.
  • Gode datakunnskaper er naudsynt.
  • God forståing samspel politikk-administrasjon
  • God munnleg framstilling, og god nynorsk skriftleg. Administrasjonsspråket er nynorsk.
  • Førarkort kl B og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, strukturert og analytisk
  • Godt humør og er samlande
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Det leggast stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby:

  • Ein strategisk leiarstilling i ein ny kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.
  • Ein utfordrande stilling med gode høve for fagleg utvikling
  • Ein viktig og spennande stilling i kommunen!
  • Kommunale tilsettingsvilkår . Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Vi oppmoder kvinner til å søkje stillinga.

Aktuelle kandidatar vil verta kalla inn til intervju i april månad.