Tag Archives: kultursjef meland kommune

Avdelingsleiar for Kulturutvikling, idrett og frivilligheit, nye Alver kommune

Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg om lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekning med både buss og båt.

For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar – som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Avdelingsleiar for Kulturutvikling, idrett og frivilligheit

I samband med bygginga av den nye kulturtenesta for Alver kommune søkjer vi etter leiar for avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit.

Du vil rapportere til kultursjef og inngå som ein av fire avdelingsleiarar på tenesteområdet, saman med Strilabiblioteket, Alver kulturskule og avdelinga Ungdom, fritid og medverknad.

Du vil leie bygginga av den nye avdelinga, gjennom målretta og metodisk utviklings- og prosjektstyringsarbeid. Du vil stå for leiing av avdelinga i Alver kommune i ein strategisk-operativ kontekst. Du er involverande og nytenkande, fleksibel og kreativ, med eit tydeleg fokus på samarbeid og fagleg kompetanse. Du har erfaring og kjennskap til organisasjons- og kulturliv, er oppdatert på strømmingar i samfunnet og er tydeleg på samhandlingsperspektiv mellom offentleg, privat og frivillig sektor.

Arbeidsplass

Avdelinga vil ha ansvar innan mellom anna frivilligheit, idrett, friluftsliv, scene, kunst, musikk, kulturminnevern, tilskotsordningar og kulturbygg. Avdelinga skal ha eit kultur-, idretts- og samfunnsutviklande fokus, med prosjektkompetanse og -kapasitet. Dei tre frivilligsentralane vert òg del av avdelinga, som vil ha eit omfattande samarbeid med frivillig sektor og vere ein kompetanseressurs for denne. Avdelinga vil vere fagavdeling for kultur-, idrett- og frivilligheitsfaglege spørsmål i høve kommunale prosessar, men òg vere utviklande i høve det breie kulturfeltet.

Alver kommune har eit svært sterkt og rikt frivillig organisasjonsliv, og ein høg del kunstnarar og kulturutøvarar i befolkinga.

Arbeidsoppgåver

Sentrale oppgåver for stillinga vil vere
– Heilskapleg fagleg og administrativ leiing, med personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga, i ein strategisk-operativ kontekst.
– Langsiktig og målretta planlegging, bidra til å etablere, utvikle og sørgje for god drift av avdelinga.
– Leiing av eit kompetent og engasjert kollegie, med sjølvstendige arbeidsoppgåver og fagfelt
– Utvikling av Frivilligsentralane si rolle og posisjon i lokalsamfunna
– Utvikling av idretts- og aktivitetsfeltet i eit samfunnsutviklande perspektiv
– Initere og utarbeide planar innan kultur-, idretts- og frivilligheitsfeltet, og implementere dei i organisasjonen.
– Utarbeide kvalitets-, og kontrollsystem som er styrande for aktiviteten i avdelinga
– Sørgje for at avdelinga bidreg til å gjere kulturtenesta til ei samfunnsutviklar for Alver kommune, i høve aktivitet, deltaking, oppleving, inkludering og sterke lokalsamfunn.
– Sikre samarbeid og god samhandling med kultur-, idretts- og organisasjonslivet i Alver kommune, og etablere/drifte avdelinga som ei fagleg, koordinerande og utviklande kraft overfor dette.
– Fremje og utvikle avdelinga som ein koordinerande og utviklande fagressurs for frivilligheit i kommunen.
– Arbeide med utvikling av kulturarenaar og kulturbygg
– Bidra til etablering av samarbeidsflatar og møteplassar internt i kommuneorganisasjonen, med fokus på tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og tenesteyting internt. Det vil vere særleg fokus på samhandling og samarbeid med sektor Teknisk forvaltning og drift, og innad i sektoren Samfunnsutvikling.
– Implementering av vedtatte rammer og føresetnadar
– Sikre forvalting og lovpålagde oppgåver
– Oppgåver og prosjekt tildelt frå kultursjef

Kvalifikasjonskrav

Krav og ønskjer til stillinga:
– Høgare utdanning innan kultur-, idretts-, administrasjons- eller samfunnsfag, der kunnskap og erfaring med kultur/idrettsfagleg arbeid er ein fordel. Anna utdanning med relevant erfaring kan vurderast.
– Formell-/erfaringskompetanse innan leiing og økonomi er ønskjeleg. Det er ønskjeleg med erfaring innan strategisk arbeid, prosjektstyring, personalleiing og økonomistyring. Vidare er det ønskjeleg med kjennskap til kommunalt styringssystem, og erfaring innan offentleg forvalting og sakshandsaming.
– Du er oppdatert innan IKT-feltet og sosiale medier, og kan orientere deg raskt i ny programvare og webportalløysingar.
– Du har høg samarbeids- og gjennomføringsevne, er god på kommunikasjon og har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
– Det vil verte lagt vekt på kunnskap og erfaring innan kultur- og idrettsfeltet.
– Personleg eignetheit for stillinga vil verte særleg vekta.
– Førarkort kl. B

Forventningar til deg som søkjar:
– Du er opptatt av det breie kulturfeltet, både i høve det offentlege si rolle, viktigheita av eit sterkt organisasjonsliv og ein vital frivillig sektor, samt eit kompetent og inviterande blikk til det profesjonelle kulturfeltet.
– Du er tydeleg på systematisk arbeid, målstyring og etablering av gode arbeidsstrukturar og samarbeidsflater.
– Du er omgjengeleg, kreativ, involverande, raus, romsleg og løysingsorientert.
– Du set medverknad og involvering høgt, og trivst med å jobbe tett med andre.
– Du kjenner samtidskulturen og strømmingar i samfunnet.
– Du har klare ambisjonar for det breie kulturfeltet, og er ein samlande og samvitsful person som kanaliserer oppgåver, initativ og kunnskap til og frå avdelinga.
– Du ser endringsbehov og sørgjer for at alle prosessar gjennomførast på ein effektiv måte med god involvering og medverknad frå medarbeidarar og eksterne partar.
– Du vil imøtekome kunnskapen og erfaringa frå dei tre kommunane sine kulturtenester og breie kulturliv.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale.
God pensjonsordning.

Søknad skal sendast

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.

Generell informasjon

Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.