Kvinnherad kommune Barn og familie
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Einingsleiar – Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Eining Barn og familie søkjar leiar i 100% fast stilling med oppstart 1. oktober 2023. Dette er ei spanande leiarstilling i eit tverrfagleg miljø med mange gode kollegaer i flotte nye lokaler i Husnes tenestesenter.
Eininga omfattar førebyggande tenester for barn og unge og arbeider for ein betre tverrfagleg innsats (BTI), slik at kvart einskild barn og familie får ein raskare og profesjonell samhandling mellom tenestene.
Det er fem avdelingar i eininga; PPT, Barneverntenesta, Tiltak og ressurs, Avlastingsbustad og Helsestasjon med jordmor og skulehelsetenesta.
Vi søkjer ein engasjert og framoverlent person som vil vera med å utvikle tenestetilbodet til barn og unge i Kvinnherad.
Stillinga som einingsleiar rapporterer direkte til sektorleiar for oppvekst.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Ynskjeleg med leiarutdanning og eventuell relevant vidareutdanning.
- Leiarerfaring
- Kompetanse innan førebyggande arbeid med barn og unge
- Erfaring med rettleiing
- Erfaring frå prosjektarbeid
Arbeidsoppgåver
- Ta initiativ til og ha overordna ansvar for framdrift i fagleg utviklingsarbeid.
- Styrka og formalisera det tverrfaglege arbeidet rundt barn, unge og deira familiar (BTI)
- Sjølvstendig økonomiansvar innafor tildelt ramme
- Overordna personal- og fagansvar
Vi søkjer leiar som har:
- Gode evner til samarbeid og organisering
- Evne til å sjå heilskap og samanhengar
- Eit positivt barnesyn
- Interesse for utviklings- og endringsarbeid og klare målsetjingar
- Støttar, rettleiar og stiller krav
- Skapar gode arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande oppgåver
- Ein god arbeidsplass der det er mogleg med personleg og fagleg utvikling
- Lønn og vilkår etter avtale
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verta varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 0.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.