Tag Archives: kyrkjeverje

Kyrkjeverje

Kyrkjeverje

Vi har frå sommaren 2023 ledig stilling som kyrkjeverje i 100%.

Vi søkjer ein person som har evne og vilje til å setje seg inn i det mangfaldige arbeidet som ligg til kyrkjeverjestillinga i ein liten stab. Som kyrkjeverje er du ein nøkkelperson i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, soknerådet og kommunen. I kommunen er det eitt sokn.
Fjaler kommune ligg ved Dalsfjorden, har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen i Vestland fylke. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, gode skular og andre offentlege tilbod. Sjå Fjaler kommune si heimeside.
United World College, Jakob Sande-senteret og Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen tilfører oss både nasjonale og internasjonale impulsar, og gjer fjalerfolk trygge på å ta imot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord og fjell.

Kommunen har ein flott og variert natur, med gode tilhøve for friluftsliv både på fjord og fjell. Eiga lysløype og kort veg til lysløypa på Bringeland. Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland, 30 minutt med bil frå Dale. Næraste byen er Førde, 45 min frå Dale. Sør til Bergen tek det 3,5 timar med bil inkl. ferje over Sognefjorden. Til Bergen kan ein også ta hurtigbåt frå Askvoll og Rysjedalsvika.

Fjaler sokn har kontor i Dalehuset ved Dale kyrkje. Her finn ein kyrkjeverje, prest, kantor og sekretær. Vi har to kyrkjer som er viktige kulturbygg i kommunen, samt nokre fleire gudstenestestader. I kommunen er det fire gravplassar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar
  • Arbeidsgjevaransvar og personalleiing for dei tilsette i soknet
  • Sekretær for sokneråd og utval med ansvar for planarbeid, saksutgreiing og oppfølging av saker
  • Kan måtte steppe inn med praktiske gjeremål ute i «feltet»
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med prost, kommune og andre samarbeidspartnarar

Ansvar for:

  • kyrkjekontor, utstyr, programvare, arkiv
  • HMT-arbeid
  • økonomi, budsjett, tilvising, rekneskap, årsrapport
  • drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
  • gravplassforvaltninga i kommunen

Ønska bakgrunn og erfaring:

  • Kunnskap om Den norske kyrkja som organisasjon
  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå gjerne med administrasjon, økonomi og leiing i fagkrinsen. Leiarerfaring og annan realkompetanse kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring med økonomiarbeid
  • Erfaring som leiar med personalansvar
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling

Personlege eigenskapar

  • God innsikt, interesse og engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet
  • Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og inkludering av friviljuge
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og resultatorientert
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
  • Kunne møte utfordringar

Vi tilbyr

  • Ei interessant og utfordrande leiarstilling
  • Eit erfarent og godt kollegium på kyrkjekontoret
  • Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning og forsikring i KLP
  • Arbeidsrettleiing og kurs for kyrkjeverjer

Anna:
Kyrkjeverja må:

  • vere medlem i Den norske kyrkja
  • ha førarkort klasse B og bør disponere eigen bil
  • pårekna noko møteverksemd på ettermiddags-/kveldstid, og
  • kunne legge fram politiattest av nyare dato.

Kyrkjeverje

Kyrkjeverje

Hjelmeland kommune ligg «i hjarta av Ryfylke», og er med sine 1092 km2 den nest største kommunen i Rogaland. Det er kort veg med fastlandssamband til Stavanger og resten av regionen. I kommunen er det gode høve til allsidig friluftsliv og eit rikt kulturliv. Om lag 2600 innbyggjarar bur i kommunen, og det er 3 sokn med kvart sitt sokneråd. Kontorstad er i kommunesenteret Hjelmeland. I staben er det kyrkjeverje, prost, sokneprest, administrasjonssekretær, kantor, kyrkjelydspedagog, diakonimedarbeidar og fire kyrkjetenarar.

Vår kyrkjeverje ønskjer å gå av med pensjon, og me lyser difor ut
100 % stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar

Me søkjer etter ein person som kan gå inn i arbeidsfellesskapet som ein tydeleg leiar for dei tilsette i fellesrådet. Du må ha  evne og vilje til å setja deg inn i det mangfoldige arbeidet som ligg til ei slik stilling i ein liten stab. Som kyrkjeverje er du ein nøkkelperson i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, sokneråda og kommunen.

Arbeidsoppgåver

Å vera kyrkjeverje er ein spennande jobb. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, så det blir aldri einsformig. Du er leiar for fellesrådet si verksemd, noko som inneber saksbehandling og sekretæroppgåver. I tillegg vil hovudoppgåvene vera innanfor følgjande felt:

  • Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
  • Økonomiansvar for fellesrådet sitt budsjett
  • Ansvar for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer
  • Administrasjon av 9 gravplassar
  • Dagleg drift av kyrkjekontoret

Kvalifikasjonar, formelle og uformelle

Det er inga spesiell utdanning for å bli kyrkjeverje, men sidan dette er ei leiarstilling med totalansvar for verksemda, så er det ein stor fordel å ha relevant høgskuleutdanning innanfor personal/ HR, økonomi, teologi, offentleg forvaltning og administrasjon, eller anna relevant utdanning. Me vil og leggja vekt på om du har:

  • Kunnskap om kyrkjeleg organisering
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kunnskap om bokføring og praktisk økonomiarbeid

Personlege eigenskapar

I ei slik stilling er det like viktig kven du er som kor mykje du kan i utgangspunktet. Du bør ha eit sterkt engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet. Me vil leggja stor vekt på at du har personlege eigenskapar som er nødvendige for ein leiar i kyrkja.  Du må ha vilje og evne til å setja deg inn i gjeldande lov- og regelverk, nye arbeidsoppgåver, fagfelt og dataverktøy. Du må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert.

Me tilbyr

  • Ein sjølvstendig, spennande, utfordrande og meiningsfull jobb i eit godt stabsfellesskap
  • Varierte arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid
  • Gode kontorlokale, digitale verktøy og fagsystem
  • Tilbod om relevant opplæring og eksterne kurs
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
  • Kollegaforum i prostiet og i bispedømmet

Kyrkjeverja må vera medlem i Den norske kyrkja, og vera lojal mot dei ordningar og vedtak som gjeld. Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av nyare dato. Administrasjonsspråket i Hjelmeland er nynorsk. Du må disponera eigen bil.

Arbeidsstad er Hjelmeland kyrkjekontor, Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland

Kyrkjeverje

Kvam har eit rikt kulturliv, og naturen byd på gode vilkår for friluftsliv både sommar og vinter. Kyrkja  og frivillige kristne organisasjonar driv eit aktivt arbeid i fleire av sokna, og samarbeidet er godt. Kvam har 4 sokn (Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm) 5 kyrkjer og 6 kyrkjegardar/gravplassar. Fellesrådet har arbeidsgjevaransvar for 15 personar. I tillegg er det 2 soknepreststillingar.

Vi har ledig stilling som:

Kyrkjeverje i 100 % stilling, frå sommaren 2020

Kyrkjeverja sine oppgåver:

  • Dagleg leiar for verksemda til fellesrådet i samsvar med gjeldande kyrkjeleg lovgiving.
  • Leiing og administrasjon, saksførebuing for fellesrådet og iverksetting av vedtak.
  • Personalforvalting med ansvar for alle som er tilsette av fellesrådet.
  • Økonomi og eigedomsforvalting, drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.

Vi ynskjer kyrkjeverje / dagleg leiar med:

  •  Relevant utdanning, eller alternativ realkompetanse for stillinga.
  • Kjennskap til offentleg forvalting, økonomi og sakshandsaming generelt og spesielt.
  • Kjennskap til organisering og arbeid innan Den norske kyrkja. – 

Personleg eigenskap: 

  • Personleg eigna for stillinga
  • Ønskje om å arbeida for kyrkja sine mål, lokalt, nasjonalt og globalt

 Vi tilbyd: 

  • Kontor i Norheimsund kyrkje, med ansvar for 4 andre kyrkjer og 6 kyrkjegardar i kommunen.
  • Kontorfellesskap med sokneprestar, kateket, kyrkjelydspedagog, kyrkjemusikarar, diakoniarbeider, kyrkjetenar og  – sakshandsamar.

Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja, og lojal mot kyrkja si vedkjenning. Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP. Den tilsette må disponera eigen bil, og får dekka tenestekøyring etter offentleg regulativ.

Søknad med vitnemål og attestar kan sendast  til:  HS799@kyrkja.no  

Kyrkjeleg fellesråd i Kvam, Postboks 39, 5601 Norheimsund

Dagleg leiar/kyrkjeverje

Bremanger kommune har 3900 innbyggarar og eit areal på ca. 830 km2. Det er eit særskilt vakkert område med fjordar, kystlandskap, vakre strender, høge fjell, isbrear, skogar og kulturlandskap, – eit Sogn og fjordane i miniatyr! 

I Bremanger er det 7 sokn, 8 kyrkjer/kapell og 12 kyrkjegardar. Fellesrådet har fleire tilsette som til saman utgjer ca. 8 årsverk. Det er to sokneprestar i kommunen med kyrkjekontor i Svelgen (Rådhuset) og Kalvåg.

Bremanger kommune har fleire tettstadar og bygder med Svelgen som kommunesenter. Kommunen har eit godt oppvekstmiljø med fleire skular, eit rikt organisasjons- og kulturliv, og gode høve for å vere med på ulike fritidsaktivitetar m.a.  innan idrett, friluftsliv og musikk.

Dagleg leiar/kyrkjeverje

Ledig stilling som Dagleg leiar/kyrkjeverje i 100 % i Bremanger kyrkjelege fellesråd
Stillinga som kyrkjeverje i Bremanger er ledig frå 01.03.19, då noverande kyrkjeverje går av med pensjon.

Ansvarsområde/arbeidsoppgåver
Kyrkjeverje er dagleg leiar av fellesrådet si verksemd. Dette inneber ansvar for sekretariat og sakshandsaming for fellesrådet, administrasjon og planarbeid, budsjett og økonomistyring, personalforvaltning, administrasjon og drift av kyrkjegardar, forvaltning av kyrkjer og kapell, organisering av trusopplæringa, samt halde kontakt med sokneråda og kommunen.

Kvalifikasjonskrav
Vi søker etter ein person
– med relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå eller tilsvarande kompetanse innan administrasjon og økonomi, forvaltning, personalleiing og kyrkjeleg verksemd.
– med god kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering.
– med  innsikt i og interesse for kyrkja sitt arbeid, m.a. trusopplæring og gudstenesteliv.
– som er løysingsorientert, kan arbeide sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og  evne til å sjå sine medarbeidarar, og som kan legge til rette for godt samarbeid mellom dei tilsette.
– har strategisk teft og eit tydeleg ønske om å fremje kyrkja si rolle i Bremanger kommune.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:
Løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP, høve til fagleg utvikling, ei god kommune å bu i for små og store og eit aktivt og engasjert fellesråd.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sine tariffavtalar.  Det er 6 månader prøvetid.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med
leiar for Bremanger kyrkjelege fellesråd,  Olav Jarl Frøyen tlf. 481 59 133.

Søknad sendast: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen

Kyrkjeverje – Dagleg leiar

Stryn kyrkjelege fellesråd har administrasjon av tilsette, økonomi og fellestiltak for åtte kyrkjelydar i Indre Nordfjord. På vegne av dei 8 sokneråda, forvaltar fellesrådet 9 kyrkjer og 9 kyrkjegardar, eit driftsbudsjett på 6.186 mill kr og 10,31 årsverk fordelt på  20 stillingar. Det er tre sokneprestar tilsett av bispedømet. Dei andre medarbeidarane er tilsett av fellesrådet: organistar, kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar, kateket og trusopplæringsmedarbeidarar. Vi har hatt trusopplæringsmidlar sidan 2008.

Kyrkjeverje – Dagleg leiar

Kyrkjeverja skal være dagleg leiar for rådets administrative og operative oppgåver.

Til å leie den kyrkjelege verksemda søkjer vi etter ein person som skal ha:

  • Økonomisk og administrativt ansvar for fellesrådets verksemd
  • Arbeidsgivaransvar for dei kyrkjeleg tilsette i fellesrådet.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
  • Være sekretær for fellesråd, administrasjonsutval og andre utval under fellesrådet.
  • Vidareutvikle samarbeid og gode relasjonar til sokna, prestane, kommune og andre samarbeidspartnarar i og utanfor lokalsamfunnet.
  • Den som vert tilsett må kunne nytte eigen bil i tenesta.

Fellesrådet søkjer derfor etter ein person med følgjande eigenskapar, kvalifikasjonar og erfaringar:

  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Ev. dokumentert praksis som kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring og kunnskap innan offentleg eller annan relevant forvaltning.
  • Økonomisk kompetanse.
  • Erfaring innan personalleiing.
  • Kjennskap til kyrkjeleg verksemd, struktur og organisasjon
  • Gode samarbeidseigenskapar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt.
  • Administrasjonsspråket i Stryn kommune er nynorsk.
  • Det er i gang mange reformer innan Den norske kyrkja, og vi vil leggje vekt på evne til omstilling og vilje til å tileigne seg kompetanse på nye område.

Fellesrådet kan tilby:

  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • En interessant, spennande og utfordrande stilling i eit aktivt og engasjert miljø.
  • Den som blir tilsett må være medlem av Den norske kyrkje.