Tag Archives: lærdal næringsutvikling

Dagleg leiar

Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) skal bidra til å utvikla eksisterande næringsliv og leggja til rette for nyetableringar i Lærdal kommune. Selskapet, som er eigd av Lærdal kommune (65,9%) og Lærdal Næringssamskipnad (34,1%), held til i moderne kontorlokale sentralt på Lærdalsøyri.

LNU har sidan 2013 hatt det operative ansvaret for omstillingsarbeidet i Lærdal. 2018 er siste året med omstillingsstatus, og LNU går dermed snart over i ein ny fase.

Då noverande dagleg leiar skal byrja i ny jobb søkjer vi etter:

Dagleg leiar

Du vil få ei sentral rolle i utviklingsarbeidet i kommunen, og ha ein viktig funksjon i dialogen mellom næringsliv, kommune og lokalsamfunn. Når Lærdal no skal avslutta omstillingsarbeidet og LNU skal over i ein ny fase, så gir det høve til å påverka retning og innhald i utviklingsarbeidet i kommunen. Lærdal er også med i eit prosjekt som skal greia ut eit tettare regionalt nærings- samarbeid, med mål om auka verdiskaping, større lønsemd og fleire arbeidsplassar i heile regionen.

Ansvarsområde:

  • Dagleg drift og leiing av selskapet – økonomisk styring, rapportering og resultatansvar.
  • Personalansvar gjennom å motivera tilsette mot felles mål.
  • Vidareutvikling av verksemda. Prosjektleiing og prosjektkoordinering
  • Kontakt med kommune, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
  • Ansvar for sakshandsaming av søknader til kom- munen sitt næringsfond.
  • Representasjon og deltaking i ulike samarbeids- forum.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning.
  • Bakgrunn frå næringslivet eller erfaring frå arbeid med næringslivet.
  • Kunnskap om/erfaring frå offentleg forvaltning og administrasjon
  • Leiarerfaring, erfaring med endrings- og strategi- arbeid.
  • Gode relasjonelle eigenskapar, er engasjert og initiativrik.
  • Sjølvstendig, strukturert, resultatorientert og fleksibel.

Stillinga som dagleg leiar vil by på utfordrande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Løn og vilkår etter nærmare avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Arve Tokvam, arve@laerdalnu.no – 907 85 950. eller styreleiar Yngve Hallén, ynghall@gmail.com – 901 16 005.