Tag Archives: leder Ål

HR-sjef

Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.700 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit godt kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule. Ål er ”helsekommunen” i regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.

HR-sjef

Kommunen søker etter HR-sjef fordi personalsjefen no vel å bli pensjonist.
HR- sjef sit i rådmannen si leiargruppe og har ei sentral rolle i den strategiske leiinga av kommunen.
Kommunen er prega av innovasjon og utvikling.

Arbeidsoppgåver

– Ansvar for utvikling av personalforvaltning og arbeidsgjevarstrategi
– Overordna ansvar for å rekruttere/behalde
– HR-, kompetanse -og organisasjonsutvikling
– Leiarutvikling/ leiarstøtte
– Ansvar for lokale forhandlingar
– Informasjonsansvarleg ved beredskap/kriseleiing
– HMS-systemansvarleg
– Samarbeid/ samhandling med organisasjonane og vernetenesta
– Overordna ansvar for avdeling servicetenester
– Samarbeid/samhandling med HAVA bedriftshelseteneste

Vi søker

Vi ønsker at du:
– har relevant høgare utdanning
– har HR- og leiarerfaring
– har innovasjonskompetanse
– har HMS-kompetanse
– har kompetanse i konflikthandtering
– har erfaring og kompetanse med prosjekt- og utviklingsarbeid
– er glødande engasjert for å bidra til samarbeid og utvikling i organisasjonen
– er ein tillitsvekkande relasjonsbyggar
– er utadvendt, nysgjerrig og opptatt av å oppnå resultat i lag med andre
– er god på kommunikasjon og samarbeid
– er ryddig og tydeleg i samhandling/ forhandling

Vi tilbyr

Spennande arbeidsoppgåver og høve til å vera med på å forme utviklinga i Ål.
Løn etter avtale og gunstig pensjonsordning .

Målforma i kommunen er nynorsk.