Tag Archives: leder Bremanger kirkelige fellesråd

Dagleg leiar/kyrkjeverje

Bremanger kommune har 3900 innbyggarar og eit areal på ca. 830 km2. Det er eit særskilt vakkert område med fjordar, kystlandskap, vakre strender, høge fjell, isbrear, skogar og kulturlandskap, – eit Sogn og fjordane i miniatyr! 

I Bremanger er det 7 sokn, 8 kyrkjer/kapell og 12 kyrkjegardar. Fellesrådet har fleire tilsette som til saman utgjer ca. 8 årsverk. Det er to sokneprestar i kommunen med kyrkjekontor i Svelgen (Rådhuset) og Kalvåg.

Bremanger kommune har fleire tettstadar og bygder med Svelgen som kommunesenter. Kommunen har eit godt oppvekstmiljø med fleire skular, eit rikt organisasjons- og kulturliv, og gode høve for å vere med på ulike fritidsaktivitetar m.a.  innan idrett, friluftsliv og musikk.

Dagleg leiar/kyrkjeverje

Ledig stilling som Dagleg leiar/kyrkjeverje i 100 % i Bremanger kyrkjelege fellesråd
Stillinga som kyrkjeverje i Bremanger er ledig frå 01.03.19, då noverande kyrkjeverje går av med pensjon.

Ansvarsområde/arbeidsoppgåver
Kyrkjeverje er dagleg leiar av fellesrådet si verksemd. Dette inneber ansvar for sekretariat og sakshandsaming for fellesrådet, administrasjon og planarbeid, budsjett og økonomistyring, personalforvaltning, administrasjon og drift av kyrkjegardar, forvaltning av kyrkjer og kapell, organisering av trusopplæringa, samt halde kontakt med sokneråda og kommunen.

Kvalifikasjonskrav
Vi søker etter ein person
– med relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå eller tilsvarande kompetanse innan administrasjon og økonomi, forvaltning, personalleiing og kyrkjeleg verksemd.
– med god kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering.
– med  innsikt i og interesse for kyrkja sitt arbeid, m.a. trusopplæring og gudstenesteliv.
– som er løysingsorientert, kan arbeide sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og  evne til å sjå sine medarbeidarar, og som kan legge til rette for godt samarbeid mellom dei tilsette.
– har strategisk teft og eit tydeleg ønske om å fremje kyrkja si rolle i Bremanger kommune.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:
Løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP, høve til fagleg utvikling, ei god kommune å bu i for små og store og eit aktivt og engasjert fellesråd.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sine tariffavtalar.  Det er 6 månader prøvetid.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med
leiar for Bremanger kyrkjelege fellesråd,  Olav Jarl Frøyen tlf. 481 59 133.

Søknad sendast: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen