Tag Archives: leder eidsfjord

Kommunalsjef – plan, areal, miljø og teknisk drift

Kommunalsjef – plan, areal, miljø og teknisk drift

Det er ledig 100% stilling som kommunalsjef – plan,areal, miljø og teknisk drift. Søknadsfrist 15.september 2018.

Eidfjord kommune er inne i ei tid med stor aktivitet innafor teknisk område. Dette inkluderer mellom anna kommune- og reguleringsplanar, byggesak, kommunalteknisk drift, investeringsprosjekt, drift og vedlikehald.
I samband med at ein gjer ei omorganisering, har ein ledig 100% fast stilling som kommunalsjef for plan, areal, miljø og teknisk drift.

Kommunalsjefen inngår i rådmannen sitt leiarteam, og får ei sentral rolle i vidareutvikling av Eidfjord kommune som ein framtidsretta kommune, med fokus på gode tenestetilbod og ein kompetent organisasjon.

Fagområdet er i dag delt i to einingar, areal og miljø og kommunalteknisk drift, og desse skal samordnast under ein leiar. I nært samarbeid med dei tilsette skal du bygge struktur på ei ny eining, og sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet.

Kvalifikasjonar:

  • Du bør ha utdanning frå universitet eller høgskulenivå, og relevant leiarerfaring frå privat og/eller offentleg verksemd.
  • Vidare bør du ha kjennskap til kommunesektoren, og forståelse for politiske beslutningsprosessar.
  • Erfaring med prosjektleiing er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Me søkjer ein leiar med stor interesse for fagfeltet, og gode gjennomføringsevner.
  • Leiareigenskapar og kommunikasjonsevner vil verta vektlagt.
  • God økonomiforståelse og evne til å setja seg inn i fagleg kompliserte problemstillingar er ein fordel.
  • Overblikk og evne til å handtera både strategiske og operative utfordringar vil vera ein styrke i stillinga.

Me tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Eit arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Hjelp til å skaffa husvære

Me gjer merksam på at søkjarar til stillinga kan verta offentleggjort, sjølv om søkjar har bode om å ikkje verta oppført. I så fall vil me ta kontakt på førehand.