Tag Archives: leder eiendom Lom

Tenesteleiar kommunal eigedom

Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane.

Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, som ligg på 382 moh.

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000-meterstoppar ligg i Lom, og vi er omkransa av tre nasjonalparkar. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet i Lom, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.

Er du vår nye tenesteleiar for kommunal eigedom?

Er du ein trygg og uredd leiar som ynskjer å forvalte kommunen sine eigedomar? Lom kommune har ledig ein 100% fast stilling som tenesteleiar for kommunal eigedom. Som tenesteleiar får du ansvar for å sikre ei heilskapleg leiing, og for at tenesteområdet blir drive på ein effektiv og innovativ måte. Stillinga ligg under kommunalsjef for samfunnsutvikling og kultur og inngår i kommunalsjefen sin leiargruppe.

Ansvarsområde

  • Forvaltning, drift, vedlikehald og reinhald av kommunale bygg samt forvaltning av kommunen sine grunneigedomar og festeeigedomar
  • Ansvar for økonomistyring, risikostyring og internkontroll på tenesteområdet
  • Personalansvar for driftspersonale
  • Prosjektleiing for kommunale byggeprosjekt
  • Utarbeide og følge opp saker til politisk behandling

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med gode leiareigenskapar
  • Vi søkjer etter ein person med relevant teknisk utdanning fortrinnsvis på høgskulenivå
  • Det er ein fordel med erfaring frå kommunal sektor
  • Kunnskap om drift og utvikling av eigedom
  • God IT-forståing

Vi søkjer deg som:

  • har god kapasitet og gjennomføringskraft
  • er oppteke av å myndiggjere medarbeidarane dine, og kan reflektere over eigen leiarstil
  • har evna til nytenking og er nysgjerrig på nye løysingar og innovasjon
  • trivst med ei synleg og aktiv rolle både internt og eksternt
  • ynskjer å bidra til ei heilskapleg samfunnsutvikling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.