Tag Archives: leder fjaler

Rådmann

Velkomen til Fjaler – ein kommune midt i verda.
Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur- og fritidstilbod, gode skular og barnehagar i nærmiljøet gjer Fjaler til eig god og trygg stad å vekse opp og bu. Folk i Fjaler er stolte av sin eigen kultur og vil gjerne ta vare på den. Samstundes har Fjaler lange tradisjonar for å opne seg mot omverda og ta imot framande menneske og framande kulturar. www.fjaler.kommune.no 

Rådmann

Vi søkjer ein inkluderande og tydeleg rådmann med evne til tillitsbasert leiing av ein utviklingsorientert organisasjon med god tenesteyting; Fjaler er m.a. ein føregongskommune i utviklingsarbeid innan både helse og skule. For å gjennomføre og sluttføre fleire større prosjekt som er vedtekne og igongsette, må rådmannen syte for at organisasjonen evner å sluttføre/fullføre desse.

Som rådmann jobbar du langsiktig og heilskapleg, men med evne til å ta raske avgjerder når det er naudsynt. Saman med politisk leiing er rådmannen pådrivar, nettverksbyggjar og god kommunikator i arbeidet med næringsutvikling i ein kommune med høg næringsattraktivitet. Du har god rolleforståing og evne til god samhandling med politisk leiing.

Arbeidsoppgaver

  • Vidareutvikle og tilpasse kommunen sine gode tenester i dialog med innbyggjarane, medarbeidarane, deira organisasjonar og politisk leiing
  • Leie og utvikle ein effektiv, tverrfagleg og kompetent organisasjon med m.a. bruk av digitale løysingar
  • Leggje vekt på og styrke interkommunalt og regionalt samarbeid
  • Sørgje for effektiv organisering og god virksomhetsstyring gjennom god leiing og nytenkning
  • Til eikvar tid syte for gode styringssystem og planverk m.a. for budsjett og økonomi
  • Syte for god mål- og resultatstyring for bærekraftig utvikling
  • Vidareutvikle organisasjonen tufta på ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk
  • Vidareutvikle ein felles kultur som skaper handling og resultat
  • Marknadsføre og representere kommunen
  • Vere ein pådrivar og tilretteleggjar for samfunnsutvikling, samt utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjoner

  • Høgskule-/universitetsutdanning – fortrinnsvis på masternivå.
  • Økonomiforståing – gjerne også kompetanse på jus
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat
  • Gode leiareigenskaper som personalleiar, endringsleiar og strategisk leiar
  • Evne til å vere vegvisar i arbeidet med å byggje og utvikle organisasjonen m.a. gjennom innovasjon og utvikling av morgondagens løysingar basert på digitalisering
  • Motivasjon, energi, humør og evne til å skape engasjement og forplikting på mål og gjennomføring.
  • Gode kommunikasjonsevner i dialog med politikarar, tilsette, innbyggjarar, medier og samarbeidspartnarar
  • God forståing for politiske prosessar, god rolleforståing og evne til god samhandling

Personlige egenskaper

  • Tydeleg og handlekraftig
  • Omgjengeleg og uformell
  • Utadvendt, lyttande og tillitsskapande
  • Evner å finne løysingar i fastlåste situasjonar
  • Godt humør

Vi tilbyr

  • Ei spanande og krevjande toppleiarstilling i ein utviklingsorientert kommune
  • Arbeidsoppgåver med moglegheit til å utvikle eigen organisasjon og lokalsamfunn
  • Eit arbeidsmiljø med dyktige og dedikerte kollegaer
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Du vert varsla dersom ønsket om unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.
  • Spørsmål om stillinga kan rettast til våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Jan Sebjørnsen Storstein, tlf. 950 09 444, Øyvind Drangsland, tlf. 918 32 891 eller ordførar Gunhild Berge Stang, tlf. 976 53 785