Tag Archives: leder giskehelse og sosialsjef

Einingsleiar for eining Meistring og psykisk helse

Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

Einingsleiar for eining Meistring og psykisk helse, fast 100 % stilling

Giske kommune søkjer ny einingsleiar for eining Meistring og psykisk helse.

Til eininga ligg Gudmundvegen og Skomakervegen bufellesskap for personar med funksjonsnedsetting, Løkevegen bufellesskap for personar med med utfordingar innan psykisk helse og rus, psykisk helse og rustenesta for vaksne og dagtilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Eininga har tilsaman 65 årsverk og ei driftsramme på om lag 54 million.

Einingsleiar samarbeidet tett med leiarteamet sitt. Andre viktige samarbeidspartnarar er i fyrste rekkje andre leiarar i helse og omsorgssektoren, i tillegg til rådmannsteamet og leiarforum der alle einingsleiarar deltek. Kommunalsjefen for helse og omsorg er næraste overordna.

Stillinga er ledig frå 01.01.2020.

Giske kommune er i sterk vekst og ansvarsområdet for einingsleiar er omfattande og spennande. Kommunen har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering som endrar arbeidsmåtar og organisering innan alle tenesteområde. Vi søkjer etter ein engasjert og tydeleg leiar som vil vere ein pådrivar i det vidare omstillingsarbeidet, som ser potensialet i og tek ut gevinstar av nye arbeidsmetoder og måter å levere tenestene på innanfor gitt økonomisk ramme. Reelt samspel og tverrfagleg samarbeid er høgt prioritert i Giske og leiaren må vere interessert i og innstilt på dette.

Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om det og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

Arbeidsoppgåver

  • Tydeleg leiing av eininga, tenesteutvikling og kvalitetssikring av tenestetilbodet
  • Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar, inkludert personalansvar
  • Organisasjonskultur, omstilling, rekruttering, internkontroll, legge til rette for gode fag- og arbeidsmiljø og partssamarbeid
  • Budsjettarbeid og økonomisk styring

Kvalifikasjonar

  • Helse – og sosialfagleg utdanning frå høgskule/univesitet. Andre med relevant utdanning og erfaring er også velkomne som søkjarar
  • Leiarutdanning, eller søkjar må vere innstilt på å ta leiarutdanning innan rimeleg tid
  • Relevant erfaring
  • God kompetanse på leiing, administrativt arbeid og økonomistyring
  • God kompetanse på eininga sitt tenesteområde og relevant lovverk
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til omstilling og utvikling
  • Ønskje om og evne til å påvirke
  • Ryddig, strukturert og tydeleg i kommunikasjonen
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjoner og oppnå tillit
  • Evne til god dialog og samspel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde.
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.