Tag Archives: leder Havforskningsinstituttet

Økonomidirektør

Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Økonomidirektør

Vi har store ambisjonar for framtidas havforsking. God økonomistyring er sentralt for at vi skal få mest mogleg havforsking for pengane.

Havforskingsinstituttet har 1100 tilsette og ein omsetnad på 1,7 milliardar kroner. Vi er organisert i ei matrise med tverrfaglege forskings- og rådgivingsprogram. Til nyoppretta økonomiavdeling søkjer vi etter økonomidirektør. Avdelinga vil bestå av tre seksjonar og økonomidirektør vil få personalansvar for seksjonsleiarane. Stillinga som økonomidirektør inngår i leiargruppa og rapporterer til direktør.

Vi ser etter ein leiar som kan vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa vår. Du må kjenna verdien av god styringsinformasjon og bidra aktivt til dei viktige avgjerdene som ligg framom oss.

God strategisk forståing og høg gjennomføringsevne er ein føresetnad for stillinga. Du er opptatt av å byggje ein kultur prega av samarbeid, openheit og kunnskap. Det betyr at du er fagleg trygg og liker å formidle faget ditt. Den vi søkjer kommuniserer godt både internt i organisasjonen og med eigardepartementet vårt NFD, andre offentlege myndigheiter og eksterne samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar

Som vår nye økonomidirektør har vi følgjande oppgåver og forventningar til deg:

  • du er strukturert, effektiv og har god strategisk forståing
  • du er ansvarsfull og tillitvekkjande
  • du tar ansvar for å utvikle og gjennomføre strukturerte og effektive økonomiske prosessar med vesentleg fokus på verksemdsstyring
  • du støttar leiinga med analysar og finansiell rapportering av høg fagleg kvalitet
  • du har relevant erfaring og kompetanse innan budsjettering, rapportering, prognosar og indikatorar til bruk som styringsunderlag.
  • Havforskingsinstituttet er pålagt å nytte DFØ som systemleverandør innan lønn og rekneskap. Vår nye økonomidirektør må ha naudsynt innsikt slik at desse systema kan nyttast effektivt i samband med eigne systemløysingar
  • du har god forståing for risikostyring og ein effektiv internkontroll

Instituttet fører rekneskapen i tråd med dei statlege SRS-standardane. Som alle statlege forvaltingsorgan er vi i tillegg også pliktige til å rapportere etter kontantprinsippet.

Den vi søkjer må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins og brei arbeidserfaring, gjerne både frå offentleg og privat sektor. Relevant leiarerfaring, inkludert personalansvar, er ein klar føremon.

Arbeidsspråket er norsk, og det er krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at du også meistrar engelsk på høgt nivå.

Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Vi tilbyr

  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Ytterlegare informasjon

Arbeidsstad er Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan bli pålagde ved behov.

Stillinga blir løna i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, forventa mellom brutto kr 1 000 000 – 1 200 000 ut frå kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos direktør Nils Gunnar Kvamstø på tlf. 412 68 923. Sjå også nettsida vår www.hi.no.

Direktør for Havforskingsinstituttet si rederiverksemd

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Direktør for Havforskingsinstituttet si rederiverksemd

Personen som vert tilsett vil få det overordna ansvaret for strategisk planlegging, økonomistyring og leiing av rederiverksemda. Rederidirektøren ivaretek den eksterne verksemda mot samarbeidande eigar- og brukarinstitusjonar i Noreg (Norad, UiB, UiT og Polarinstituttet), i tillegg til eit stort internasjonalt fagleg nettverk. Stillinga inngår i leiargruppa ved instituttet og rapporterar til direktør.

Rederidirektøren har det overordna ansvaret for HMS og kvalitet for rederiverksemda og må ha kjennskap til, og erfaring med det nasjonale og internasjonale regelverk og standardar som gjeld for slik verksemd. Rederidirektøren har også det overordna ansvaret for vedlikehald av fartøy og vitenskapleig utstyr og instrumenter, og kontrahering og bygging av nye forskingsfartøy. Representasjon av  Havforskingsinstituttet i internasjonale samarbeidsfora for forskingsfartøy inngår i stillinga.

Arbeidsstad vil vere i Bergen. Ein del reiseverksemd må påreknast.

Om rederiet

Havforskingsinstituttet sitt rederi er ei strategisk viktig avdeling for datainnsamling, observasjon og overvaking av havet og kystområda som Noreg forvaltar eller har interesser i. I tillegg til dei sju fartøya som vert drifta  av rederiet, følgjer vi også opp arbeidet som skjer på innleigde fartøy. Vi samordnar også bruken av fartøy og avansert forskningsutstyr.

Toktverksemda og organiseringa av denne skjer i regi av toktkomiteen. Toktkomiteen koordinerer seglingsprogram for eitt år om gongen. Dette er eit  samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og dei eksterne brukarane av fartøya våre.

Rederiverksemda er i dag organisert i to seksjonar; Fartøydrift og Fartøyinstrument. Seksjon Fartøydrift er ansvarleg for bemanning og drift av fartøya medan Seksjon Fartøyinstrument ivaretek det vitskapelege utstyret som vert nytta til innsamling av prøvar og data. Omlag 200 personar er knytt til rederiet, og omlag 155 av desse er skipsmannskap.

Kvalifikasjonskrav

Vi er interessert i kandidatar med høgare nautisk og/eller teknisk utdanning, og relevant arbeids- og leiarerfaring frå tilsvarande verksemd. Erfaring frå rederi eller Sjøforsvaret vil være eit føremon.

Det er også naudsynt med gode kunnskapar om skipstekniske system og utstyr, og om teknologi  knytt til vitskapeleg utstyr og instrument på fartøy.

Det vert stilt krav til gode kommunikasjonseigenskapar, samt god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk. Ein stadig meir digital kvardag krev også at ein meistrar digitale verktøy, og kan handtere dei administrative og faglege systema som Havforskingsinstituttet nyttar.

Det vert også lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må kunne samarbeide med mange typar fagfolk, og motivere og inspirere til samarbeid og effektiv drift. Den rette kandidaten er og strukturert, og meistrar å sjå heilheit. Det er viktig at ein  taklar stort arbeidspress, har evne til å ta gode og av og til raske avgjersler, og at ein  gjennomfører desse på ein god måte.

Vi tilbyr

  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Inkludering og mangfald, og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Ytterlegare informasjon

Stillingen vert lønt i intervallet frå kr 934 800 til kr 1 060 700 i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Fra bruttoløna vert det trekt 2 % innskot til statens pensjonskasse. Høgare løn kan verte vurdert for spesielt godt kvalifiserte kandidatar.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Ønskjer du fleire opplysninger om stillinga kan du kontakte direktør Sissel Rogne på mob. 907 32 123 eller direktør for Rederi Per W. Nieuwejaar mob 913 17 465. Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no.

Kommunikasjonsdirektør

Havforskningsinstituttet (HI) er ett av de største marine forskningsinstituttene i Europa, med vel tusen ansatte, en rekke forskningsfasiliteter og laboratorier av høy internasjonal standard. Hovedaktivitetene våre er forskning, rådgivning og overvåkning. Havforskningsinstituttet eier og drifter seks forskningsfartøy. Hovedkontoret vårt ligger i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskningsstasjoner i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskningsinstituttet skal være en ledende kunnskapsleverandør for å sikre en bærekraftig forvaltning av ressursene i de marine økosystemene, både nasjonalt og internasjonalt, og for hele kjeden fra hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Kommunikasjonsdirektør

Havforskningsinstituttet søker kommunikasjonsdirektør. Vedkommende vil være en sentral aktør i arbeidet med å videreutvikle, lede og gjennomføre Havforskningsinstituttets eksterne og interne kommunikasjonsvirksomhet. Kommunikasjonsdirektøren inngår i instituttets ledergruppe, og har administrerende direktør som nærmeste overordnede.

Arbeidsoppgaver

  • Videreutvikle Havforskningsinstituttets tjenester knyttet til kommunikasjon, formidling og samfunnskontakt
  • Gi kommunikasjonsfaglige råd til ledelsen, våre forskere og andre enheter
  • Videreutvikle kommunikasjonsstrategier for Havforskningsinstituttet og bidra til gjennomføringen av disse
  • Bidra i arbeidet med samfunnskontakt, omdømmebygging og mediehåndtering
  • Koordinerende ansvar/redaktøransvar for www.hi.no, intranettet HInnsiden og kommunikasjon i sosiale medier
  • Kommunikasjonsdirektøren må foruten å lede avdelingen også regne med å bidra operativt i avdelingens tjenesteleveranser

Formell kompetanse og erfaring

  • Erfaring fra strategisk kommunikasjonsarbeid og mediekontakt i en større organisasjon
  • Ledererfaring, fortrinnsvis fra større virksomheter
  • Forståelse og interesse for Havforskningsinstituttets samfunnsoppdrag
  • Innsikt og erfaring i bruk av digitale medier og god IKT-forståelse
  • Relevant høyere utdanning på universitets-/høgskolenivå. I spesielle tilfeller kan omfattende, relevant arbeidserfaring kompensere for utdanningskravet
  • God skriftlig og muntlig formuleringsevne både på bokmål, nynorsk og engelsk

Personlige egenskaper og lederstil

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både internt, mot medier og samfunnet for øvrig
  • Fleksibel, endringsorientert og målrettet
  • Takle stressende situasjoner og en hektisk arbeidshverdag
  • Evne til å arbeide systematisk, effektivt og selvstendig

Vi tilbyr

  • Spennende stilling hos Europas største marine forskningsmiljø
  • Faglig utfordrende rolle ved et institutt som er en sentral aktør i landets marinpolitikk
  • Stort handlingsrom og muligheten til å forme egen stilling
  • Tett samarbeid med en solid og handlingsfokusert direktør
  • Arbeidssted er i Bergen

Inkludering og mangfold, og positiv særbehandling

Havforskningsinstituttet har fokus på mangfold, og vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskningsinstituttet er en IA-bedrift, og vi ønsker å legge forholdene til rette for søkere
med redusert funksjonsevne.

Dersom det finnes kvalifiserte søkere med funksjonsnedsettelse, hull i CV eller innvandrerbakgrunn, vil vi innkalle minst én søker i hver av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søker med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese mer om kravene her.

For å synliggjøre at du ønsker å bli vurdert som søker med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søker.

Ytterligere informasjon

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad avspeile mangfoldet i befolkningen, og det er et personalpolitisk mål for Havforskningsinstituttet å oppnå en balansert sammensetning. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte personer til å søke uavhengig av kulturell bakgrunn, kjønn, alder eller funksjonsevne.

Stillingen er plassert i statens lønnsregulativ kode 1060 avdelingsdirektør frå brutto kr 800 000-1 000 000, ut fra kvalifikasjoner. For spesielt godt kvalifiserte søkere kan høyere lønn være aktuelt. Fra lønnen går det lovfestet innskudd til Statens Pensjonskasse.

Det gjøres oppmerksom på at opplysninger om søkere kan bli offentliggjort selv om søker har bedt om å være unntatt søkerlisten. Søker vil bli orientert om dette på forhånd.

Søknad sendes elektronisk via link på denne siden med CV, relevante attester og vitnemål.

Avdelingsdirektør HI Digital

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre,

Austevoll og Flødevigen. Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Vil du bidra til å skape ei berekraftig framtid med data frå hav og kyst? No kan du bli digital direktør ved Noregs verdsleiande marine forskingsinstitutt! 

Avdelingsdirektør HI Digital

Havforskingsinstituttet søkjer avdelingsdirektør for ei nyoppretta data-avdeling: HI Digital. Avdelingsdirektør vil delta i Havforskingsinstituttets leiargruppe. Avdelinga skal ha heilskapeleg ansvar for digitalisering og effektiv bruk av IKT ved instituttet. Under avdelinga vil det liggje tre seksjonar: IT, Norsk Marint Datasenter og ein nyoppretta seksjon for Digital utvikling.

Totalt vil data-avdelinga HI Digital bestå av rundt 60 personar etter ei planlagt oppbemanning. Avdelingsdirektøren vil leia arbeidet med å utvikle og bemanne den nye avdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver

Stillinga som avdelingsdirektør for HI Digital krev høg kompetanse innan digitalisering, med særleg vekt på IT-arkitektur og maskinlæring. I dette ligg handtering, lagring og strukturering av store datamengder frå ulike kjelder: fartøy, fjern- eller sjølvstyrte farkostar, modellar, laboratorier, feltstasjonar og akvakulturstasjonar for forsking. Avdelingsdirektøren skal vera ein pådriver for at instituttet sine dataleveransar skal foregå mest mogeleg saumlaust og automatisk, i godt samarbeid med vår IT-infrastruktur.

Kvalifikasjonar

Det er ein føresetnad for å lukkast i stillinga at leiar held seg fagleg oppdatert på avdelinga sine fagområde og utviklar eigen kompetanse. Det er imidlertid nokså åpent om den som tilsettes bør ha ingeniør- eller ha forskingsbakgrunn. Høgare utdanning og arbeidserfaring innan relevante fagområde er naudsynt.

Personlege egenskaper vil ha stor vekt. Gode leiareigenskapar er naudsynt. Den som blir tilsett må vera resultatorientert, ha gode samarbeidsevner og kunna motivera medarbeidarane. Arbeidsspråket er norsk, og det er krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at søkjaren også meistrar engelsk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.

Ytterlegare informasjon

Arbeidsstad er Bergen. Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan verta pålagde ved behov.

Stillinga vert løna i stillingskode 1060 Avdelingsdirektør, frå brutto kr 800 000-1 000 000, ut frå kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vera aktuelt. Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hos direktør Sissel Rogne på tlf. 907 32 123. Sjå også nettsida vår www.hi.no.

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja stillinga. Havforskingsinstituttet har som mål å auka talet på kvinner i leiarstillingar, så kvinner vert spesielt oppfordra om å søkja.

Leder for Seksjon for prosjektstøtte

Havforskningsinstituttet (HI) er et av de største marine forskningsinstituttene i Europa med vel tusen ansatte, en rekke forskningsfasiliteter og laboratorier av høy internasjonal standard. Hovedaktivitetene våre er forskning, rådgivning og overvåkning. Havforskningsinstituttet eier og drifter seks forskningsfartøy. Hovedkontoret vårt ligger i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskningsstasjoner i Matre, Austevoll og Flødevigen.

1. januar 2018 ble Havforskningsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). Det nye instituttet skal være en ledende kunnskapsleverandør for en bærekraftig forvaltning av ressursene i de marine økosystemene, og for hele kjeden fra hav til mat.

Leder for Seksjon for prosjektstøtte

Er du vår nye seksjonsleder?

Vi har nå ledig en 100% fast stilling som leder for vår seksjon for prosjektstøtte.

Seksjon for prosjektstøtte er en av seks seksjoner i administrasjonsavdelingen, og består av 11 medarbeidere. Seksjonen har ansvar for prosjektstyring og økonomioppfølging av FoU-dimensjonen på instituttet. Seksjonen følger opp økonomien i forskningsprosjektene og bistår med administrativ hjelp til  søknad, prosjektkoordinering og kontrakter. Seksjonens medarbeidere består av program- og prosjektøkonomer og forskningsrådgivere.

Seksjonens medarbeidere fyller ulike roller. Alle programledere og prosjektledere får tildelt en økonom som bistår med økonomisk oppfølging til sitt program eller prosjekt. Programøkonom bistår programleder med økonomioppfølgning på programnivå, mens prosjektøkonom følger opp økonomien i det enkelte prosjekt.

Seksjonens forskningsrådgivere er behjelpelig med råd knyttet til søknad om ekstern finansiering og utarbeidelse av søknader. I større prosjekter kan forskningsrådgiver bidra med administrativ prosjektkoordinering.

Sentrale arbeidsoppgaver

  • Lede, motivere og koordinere seksjonens medarbeidere
  • Bidra til god samahandling med avdelingens øvrige seksjoner og instituttet ellers
  • Bistå i den direkte oppfølgingen av programledere/prosjektledere

Kvalifikasjoner

  • Master i økonomi (særlig relevant erfaring kan kompensere for krav om utdanning)
  • Erfaring fra prosjektstyring
  • Gode samarbeidsegenskaper
  • Strukturert
  • Må beherske norsk og engelsk – både muntlig og skriftlig
  • Fordel med ledererfaring og erfaring fra offentlig virksomhet

Vi tilbyr

  • arbeid i en av Europas ledende forskningsinstitusjoner, med stor samfunnsmessig betydning
  • et spennende og solid fagmiljø
  • lokaler sentralt i Bergen
  • fleksitidsordning, med sommer- og vintertid
  • offentlig tjenestepensjonsordning i Statens Pensjonsordning
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Ytterligere informasjon

Stillingen lønnes i stillingskode 1211 Seksjonssjef, i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Fra lønnen trekkes det 2% innskudd til Statens pensjonskasse.

Søknad sendes elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attester, vitnemål må legges ved i søknaden. Det gjøres oppmerksom på at opplysninger om søkere kan bli offentliggjort selv om søker har bedt om å være unntatt søkerlisten. Søker vil bli orientert om dette på forhånd.

Havforskningsinstituttet har fokus på mangfold, og vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemmelse, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskningsinstituttet er en IA-bedrift, og ønsker å legge forholdene til rette for søkere med redusert funksjonsevne.

Ønsker du flere opplysninger om stillingen kan du kontakte avdelingsdirektør Terje Digranes på telefon 419 04 859, eller e-post terje.digranes@hi.no.

Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no