Tag Archives: leder Høyanger kommune

Tenesteleiar institusjon

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4100 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Tenesteleiar institusjon

Høyanger kommune er inne i ein omstillingsprosess innan tenesteområde Helse og omsorg. Omstillinga skal vere med på førebu organisasjonen på dei utfordringane og oppgåvene som vi møter framtida. Vi innførerer eit nytt leiarnivå med tenesteleiarar og ein av desse er:

Tenesteleiar institusjon med ansvar for følgjande einingar:

  • Kyrkjebø sjukeheim
  • Høyanger sjukeheim
  • Produksjonskjøkken og ernæring

Som tenesteleiar vil du bli ein del av tenesteområdet si leiargruppe og vil aktivt samhandle med andre einingar i kommunen. Vi gjev stort rom for nytenking og initiativ, og ønskjer oss ein person som gjennom fagleg tryggleik og godt leiarskap medverkar til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø .

Ansvar og mynde

  • skal etterleve kommunen sine målsettingar, verdigrunnlag og har ansvaret for å gjere desse tilstrekkeleg kjent for alle innan tenesteområdet
  • skal leie eininga i tråd med godkjende og etablerte prinsipp for leiing og dei til ei kvar tid gjeldande reglar og retningsliner i Høyanger kommune
  • har det overordna ansvaret for all aktivitet i einingane.
  • skal samarbeide tett med andre tenester for å sikre heilskapleg drift og utvikling av tenestene
  • er ansvarleg for at Høyanger kommune sine overordna mål og kvalitetskrav til fagleg aktivitet, økonomistyring og administrativ praksis vert realisert i einingane
  • har overordna økonomi-og budsjettansvar for området og legg til rette for optimal ressursbruk
  • har personalansvar for einingsleiararar  innan tenesta

Arbeidsoppgåver

  • organisere og prioritere einingane sine tilbod og aktivitetar i samsvar med planar og vedtak i Høyanger kommune
  • nytte einingane sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver
  • etablere og vedlikehalde gode rutinar for samhandling med andre einingar i kommunen og andre samarbeidspartar
  • syte for at einingane sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll
  • overordna ansvar for at tilsette i einingane får opplæring og utvikling slik dette er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune
  • lage budsjettframlegg for einingane si totale verksemd, og syte for at Høyanger kommune sine rutinar for budsjettarbeid og rapportering vert følgde
  • delta i utviklingsarbeid

Kompetansekrav

  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå. Særskild relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant leiarerfaring

Andre ønska kvalifikasjonar

  • forståing for dei rammeverk som ein leiar i offentleg forvaltning må forhalde seg til
  • god forståing for tilhøvet mellom administrativt og politisk nivå
  • gode strategiske og analytiske evner
  • god økonomiforståing

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • tillitsskapande med høg integritet
  • fleksibel og endringsorientert
  • tydeleg og god på å prioritere
  • engasjert og nytenkjande
  • evne å motivere tilsette

 Vi kan tilby:

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • hjelp til å skaffe kommunal bustad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar