Tag Archives: leder høyanger

Kommunalsjef helse og omsorg (2.gangs utlysning)

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4100 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Kommunalsjef helse og omsorg (2.gangs utlysning)

 

Tenesteområde helse og omsorg har einingar for heimebaserte tenester, fysikalsk og (re)habilitering, barnevernsteneste, legeteneste, helsestasjon og to sjukeheimar. Totalt er det i tenesteområdet omlag 200 tilsette. NAV er også organisatorisk plassert i tenesteområde. Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe og rapporterer direkte til rådmannen.

Vi har ledig spennande leiarstilling som kommunalsjef helse- og omsorg frå januar 2021.

 Hovudoppgåver:

  • planlegging og organisering av drifta av tenesteområdet
  • koordinering av aktivitetar på tvers av einingane
  • utvikling av tilsette, organisasjon, fag og arbeidsmiljø
  • økonomisk og administrativ leiing innan dei rammer som er tildelt

 Vi ynskjer søkjarar som:

  • har helsefagleg utdanning med brei erfaring innan leiing, eller høgare utdanning innan økonomi og administrasjon gjerne med helsefagleg utdanning i tillegg.
  • har røynsle som leiar innan offentleg og/eller privat verksemd
  • utøver tydeleg leiarskap
  • har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
  • har førarkort kl B

 Eigenskapar

  • Stillinga krev heilskapleg orientering, styringskraft, rolleforståing og evne til å finne handlingsrom innanfor gjeldande rammer
  • Gode leiareigenskapar

 Vi kan tilby:

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver  
  • konkurransedyktig lønn
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • hjelp til å skaffe kommunal bustad
  • gode pensjons- og forsikringsordningar