Tag Archives: leder Intensiv

Seksjonsleiar intensiv

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere “På lag med deg for helsa di.” Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Seksjonsleiar intensiv

Intensiv Molde

Vi har ledig ei fast stilling som seksjonsleiar ved intensiv Molde. Tilsetting etter avtale med leiar.

Intensiv Molde er ein seksjon som har til oppgåve å behandle og overvåke kritisk sjuke pasientar i forbindelse med store operasjonar, ulykker og akutt sjukdom. Intensiv har pasientar med behov for kontinuerleg overvaking og behandling for å oppretthalde livsviktige funksjonar.

Seksjonen sine tilsette er i hovedsak intensivsjukepleiarar, men vi har også off. godkjente sjukepleiarar. Vi har eit stort fagleg fokus og er opptatt av brei tverrfagleg kompetanse innan fagområdet.
Som seksjonsleiar vil du ha ei viktig rolle inn mot SNR, og må ha gode samarbeidsevne både internt og eksternt. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef.

Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
  • Ansvar for seksjonen sine tjenester og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
  • Personalansvar
  • Byggje relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Medansvar for avdelinga sine tjenester og resultat
  • Fagansvar og fokus på fagutvikling
  • Vidareutvikling av seksjonen sine tjenester i tråd med overordna føringar
  • Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan intensiv og/eller leiing
  • Endringsmotivert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan intensiv og/eller leiing
  • Endringsmotivert og god gjennomføringsevne
  • Evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar

Personlege eigenskapar

  • Ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Evne og vilje til å utarbeide mål, og motivere sine tilsette
  • Oppnå resultat, evaluere og korrigere
  • Positiv og medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
  • Evne til å arbeide i ein hektisk kvardag, i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Seksjonsleiar ved Intensiv Volda

Seksjonsleiar 

Intensiv Volda

Visste du dette om Volda?

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Fast 100% stilling som seksjonsleiar ved Intensiv Volda frå 01.01.2022.

Intensivseksjonen i Volda er ein kombinert medisinsk/kirurgisk seksjon. Seksjonen har også ansvar for recovery- og dagkirurgiske pasientar. Dei fleste tilsette har spesialutdanning i intensivsjukepleie.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og utvikling i seksjonen
  • Koordinere samarbeid mellom ulike yrkesgrupper og tenester
  • Personal-, budsjettansvar
  • Legge til rette for kvalitet, arbeidsmiljø og fagleg utvikling
  • Delta som konstruktiv resurs i Klinikk Volda si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein erfaren intensivsjukepleiar gjerne med leiarutdanning eller – erfaring
  • Kjennskap til  personal- og økonomioppfølgjing
  • Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy

Personlege eigenskapar

  • Synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Evne og vilje til å utarbeide mål og motivere sine tilsette
  • Resultatorientert, tydleg og strukturert
  • Gode kommunikasjons-, samarbeids – og formidlingsevner

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål m.m. blir scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di – slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?

Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal